23.4.06


I dag har eg ikkje dusja og det lukter ikkje spesielt godt av meg, for eg dusja vel ikkje i går heller sjølv om eg var på fest både i går og forgårs. HA HA HA! Eg gjer opprør mot all denne dusjinga. Eg har vore på kontoret i heile dag, stort sett heilt aleina og hatt latterkrampe opp til fleire gongar. Mest fordi det har skjedd morosame ting i helga, men no sist fordi pavedokke og blodklubb er veldig morosamt. Veldig bra, pavedokke og blodklubb, veldig bra. Kreksene er fan ikkje so verst dei heller. Åh, gje eg var like morosam!

Det var ein strålande kveld på Studentersamfundet i går og, dersom du ser vekk frå eit lite avbrekk i form av brannalarm og full evakuering. Sjå bilete! Der ser du fulle folk som er dødsglade for å måtta gå ut på Fengselstomta midt i Motorpsycho-konserten. Dødsglade! Det var ein megadust som utløyste alarmen for skøy. Det skal du få billig frå meg, ass!

22.4.06

I kveld har det vore ein fantastisk kveld på Samfundet. Festmøtet om Joachim Nielsen vart eit rørande innblikk i Mannen, myten og musikaren. Mode Steinkjer og May- Irene Aasen snakka på ein måte som gjorde det heile ærleg og ekte, og slik måtte det bli. Konserten etterpå var allsong, ølkasting og alle hitsa som måtte komme. Når May-Irene kom på scena og spelte på dei siste songane var eg lukkeleg. No er det fest, eg er litt sliten og må drikke vatn. Mest av alt er eg utruleg glad, for det har vore ein god kveld og det har vore eit godt år som snart skal gå over. Det er rart, fint, trist, deilig.

I går var Bydagen 2006. Sola kom, eit par hundre studentar kom, media kom mannsterke, til og med dagsrevyen og me er fabelaktig stolte!

13.4.06


Eg ser på krimthrillerfilm frå krigen. Det er dritskummelt, eg tør ikkje sjå nett no. Lucy er aleine på Storm Island, det er krig og den skumle spionen som ho har låge med har drept mannen hennar og Tom, som styrer fyret og som har radio. Då er dei einaste menneska att på heile øya ho, spionen og sonen hennar som er 4 år. Den tyske ubåten ligg og vakar i sjødn og ventar på spionen. Korleis skal dette gå?

Det er påskeferie no. Nesten ingen e-post, ingen som ringer og ingen tekstmeldingar. Og det er så deilig! Søs, bror og eg har vore på hytto på viddo og hjå besten og besto på Ringøy, Hardanger. (Nei, det er ikkje noko øy). I går var det storfamiliemiddag med lammelår i eldhuset (sjå bilete).

I morgon skal eg fyst på jobb, og om kvelden er det dans med Hot Shot på Puben (skikkkeleg syndig, på langfredag og greie!), på laurdag er det 20årslag i Naustdalen. Det er påske, det er feri og me ser at det er veldig, veldig godt.

No skal eg sjå trivelegare krim, eg skal sjå Foyle.

5.4.06


I går song eg "La det swinge" i duett med Bettan. Herregud, det var stort!

29.3.06


Det er snart duka for årets stor-store fæst på Studentersamfundet. Den rosa & svarte buksedressen er på plass i hylla mi. Koring & dansesteg vert innøvd rundt meg.

Gudene skal vite at du aldri blir en OOO OAPPAPP OOOO OOAPAPAP

22.3.06

You could be my unintended choice to live my life extended.

Det er noko merkeleg på gong i hovudet mitt! Kvar einaste kveld, litt utpå kvelden og særleg etter travle dagar skjer det same: den same songen kjem snikande, og brått finn eg meg sjølv nynnande på den. Songen er "Unintended" av Muse. Det er ein fin song, eg liker den godt, men likevel er det litt rart å ha den tilbakevendande på denne måten.

17.3.06


Det er mogleg mange av dykk lurer på kva eg skal gjera til hausten. Eg får spørsmålet relativt ofte, so difor presenterer eg her dei ulike scenaria over korleis det komande året i livet mitt kan sjå ut:

PLAN FOR LIFE:

1. Gjera ferdig tysk. Moglegeins Humanister i Praksis. Kanskje italiensk for å fylla på. Dette vil jo opna for å fortsetja eit engasjement på Samfundet, fortrinnsvis eit litt mindre ansvarleg enn no. Etter eit semester med dette må eg velga noko nytt, eventuelt eg kan flytta til Bergen, ein tanke eg ikkje er heilt framand for.
2. Lærarhøgskulen, her i Trondheim. Dette opner for same moglegheiter som skissert ovanfor. I tillegg slepp eg å flytta, og det er alltid greit. Flytting er sress, og eg føler meg ikkje heilt ferdig med Trondheim. Men dersom eg får lyst kan det jo henda eg kan søka overflytning til Bergen etter eit år.
3. Kulturprosjektsledelse, Lillehammer. Dette høyres ut som eit fabelaktig spanande fag. Men faktorane som tel positivt i forslag 1 og 2 fell vekk her, og gjer at eg er litt skeptisk.
4. Kaospilot i Danmark. Same som over.
5. Jobba eit semester, og til våren: praktikantkurs nynorsk mediesenter. Same som over, i tillegg til at dette er litt meir usikkert. Det er jo so, at etter snart 4 år på universitetet byrjer behovet for ei ordentleg utdanning å melda seg. Det er grenser for kor tungt ein god og fyldig engasjements-CV kan vege opp!

Og om nokon lurer på korleis eg ser ut når eg lurer på desse tinga, kan dåke sjå over. Omlag slik.

14.3.06

Ein gong las eg ei bok som heitte "Hjemme er der hvor hjertet er". Og kvar er hjartet? I handa? Eg veit i alle fall at det er litt i Fusa, og ganske mykje på Samfundet. Men i Ilevollen 3D er eg meir usikker. Der søv eg, og rotar noko forskrekkeleg på rommet mitt. I går tok eg Tidenes Oppvask medan eg høyrde på radio. Det var i grunnen fint, oppvask har ein fin meditativ effekt, særleg i kombinasjon med Dagsnytt Atten.

10.3.06

Medan eg skriv høyrer eg meg sjølv på radioen. Knis. Det blir presentert som ei glad-sak og at eg er superglad for og einig i dette forslaget; studiepoeng for frivillig engasjement. Men eg er ikkje ubetinga einig.

Det er flott at universitet og høgskule kan vise i praksis at dei set pris på frivilligheitskulturen. No kjenner eg mest til Trondheim, men her er det ikkje måte på kor mange godord me får. Dette skulle for øvrig berre mangla, for Samfundet, UKA, ISFiT, NTNUI og med meir er ein enormt viktig del av student-Trondheim. Men eg trur ikkje måten dei skisserer det på, med 10 studiepoeng for verv/praksis i frivillig arbeid bakt inn i ein bachelorgrad er måten å gjere det på. På denne måten blir berre dei som har ein hobby som samsvarar med utdanninga belønna, og ikkje dei som vel å drive med noko heilt anna enn studia. Ein mediestudent som skriv i studentavisa vil få desse poenga, men ei sivilingeniørspire vil ikkje få noko att for å vere med i studentteateret. Vidare lurer eg på kven som skal vurdere kriteria for å få desse poenga? Går det på mengden ansvar? Tid brukt?

Ledelse i Praksis er eit fag NTNU har tilbydd studentar med tunge verv i Samfundet, UKA og ISFiT dei siste åra. No er faget lagt ned, men me vonar voldsomt å få det tilbake. Dette er eit ledelsesfag der ein følger relevante førelesningar og skriv øvingar basert på pensum samt eigne leiarrøynsler. I tillegg til å gje ei verdifull avlasting på studieprogresjonen slik at ein kan forsetje det gode vennskap med lånekassen og samstundes bruke tid på vervet sitt er også dette faget verdifullt for organisasjonane. Faget er lærerikt og nyttig og kan slik bidra til kompetanseheving i det at leiarane ikkje treng å lære alt på intuisjon eller ved varierande kompetanseoverføring.

Eg tek sjølvkritikk for lange setningar.

6.3.06

Reportasjen i Typisk norsk i går, den som handlar om italienske svartmetall-rockarar som lærer seg norsk for å synge "det svarte hjertets apokalyptiske ensomhet" eller liknande, den gjer meg glad. Tanken på å analysere den førre setninga gjer meg litt glad og - ei skikkeleg lang setning med mange ord, men likevel få ledd. Riktig, riktig kjekt er det å tenkje på.

Men å rekne med potensar eller teikne imaginære tal på ei tallinje! Det er vanskelegare enn eg trudde å kome inn i. Eg gremmer meg, og går for å drikke kaffi.

28.2.06

I helga var eg på hyttetur. Der fekk eg vite noko om meg sjølv: Når eg tek tonen sjølv når eg skal synge, byrjer eg nesten konsekvent i b-dur.

helsing Mari

22.2.06

Fyrst slår lånekassen opp med meg. So får eg vita at å reparere skjermen på frk. Mac (aka Livet Mitt) kostar 7000 kroner. På veg tilbake til Samfundet køyrer ein buss gjennom ein søledam og spruter på meg.

Eg tenkte: "Kva? Dette skjer jo berre på film!" At slike kjipe, kjipe, kjipe ting skjer og at ein blir spruta på av ein buss. Det skjer ikkje på gode, fine, kjekke dagar. Eg nekter å leve ein slik klassisk film. På ei anna side: det er jo nett slike filmar der slike klisjear skjer at det ender godt. Bra, i det minste.

So då kan eg jo avslutte med dette, for det er Supergrass som bringer meg frå stad til stad for tida, på min raude discman:

But we are young, we get by,
Can't go mad, ain't got time,
Sleep around, if we like,
But we're alright,

18.2.06

Fusa! Åh, Eikelandsosen! Denna helgo har eg fri, denne helgo har eg reist heim. I går var eg hjå mormor, i dag i Bergen. No er eg heilt heime, i gode gamle Fusen. Dei siste vekene har det kjendes ut som eg ikkje lenger er ein person, Mari, men berre er leiar av Samfundet. Då er det på tide å dra heim ein tur, møte familie og gamle vener og byte ut "vi" og "gjøre" frå dialekta med det mykje meir MARIske "me" og "gjera". Det er utruleg kva som skjer med talemål & ordforråd når ein er omringa av austlendingar, trøndarar eller nordlendingar heile dagen!

Ja til setlabok, boss, snop og hoon pitle! Nei til lommebok, søppel, godteri og shit, ass!

Førre veke var ei av det hektiske slaget, men på ein veldig kjekk måte: Ny UKEsjef vart det vald, og det til og med ei jente. Kandidatane var gode og det kunne like godt blitt den eine som den andre, men feministen i meg tykkjer at den tredje kvinnelege UKEsjefen nokon sinne er verd ein skål.

I tillegg har vegen mot eit Nytt og Betre Liv tatt meir konkret form: å ha eit fag med LEKSER og obligatorisk oppmøte har gjeve meg smaken på skule & studier attende og eg er klar for å jobba ordentleg att. Over jul har Samfundet-vervet gått ordentleg i blodet på meg, so no får eg til å kombinere studia med vervet på ein annan måte. Noko som absolutt kan seiast positivt, for å uttrykkja det på ein fullstendig idiotisk måte.

Elles har eg trena: 50 minutt på treningsstudiosykkel! Det er ein slik ein med program; tidsinnstillingar og variasjon i tyngda, ein slik som seier "Good job!" når ein er ferdig. Flotte greier. Det kjennes godt, er veldig kjekt når ein har Supergrass på øyret og ikkje minst: det bringer fram interessante kulørar mellom rosa, raudt og lilla i andletet mitt.