26.10.05

Det er noko eg gler meg veldig til!

Nei, det er mykje eg gler meg veldig til! Jul. 17.mai (på ein måte ikkje). At UKA skal bli ferdig (på ein måte littegrann ikkje). At mor og far kjem i morgon! At Visekongen skal halde tale under festmøtet på revyen i morgon.

Å lese denne boka! Boka til Olaug! Det gler eg meg så mykje til! Eg ynskjer meg denne boka til jul. Det bruker ikkje vere so mykje eg ynskjer meg til jul. Det meste eg TRENG, det kjøper eg sjølv. Det er dei små tinga som ein på ein måte treng og ein måte ikkje ein skal ynskje seg til jul, og det er ikkje so mange av dei. Men no veit eg ein ting - "Få meg på, for faen" . GJETT OM!

Og so ynskjer eg meg kanskje det nye brettspelet dei skal selje på Munch-museet. Der skal ein vere detektiv som fanger skrik-ranarane, og dette må jo vere litt festlig. NOKAS-brettspelet, derimot! Det ligg nok litt lenger inne.

19.10.05



Unntakstilstanden UKA-05 går sin gong. Gallakjole og champagne, eller pønkpop og whisky? Eg står opp seint, trøtt og snørrete (H-helg tok knekken på den siste resten av immunforsvar eg hadde) og koker havregraut til frukost. So les eg avisa, les epost, tenkjer ein augneblink på kva som går føre seg i resten av verda og later som om eg ikkje har førelesing i dag.

Etter mange slike timar heime, litt oppvask, litt henging, litt 70`s show... kler eg på meg og sykler i retning det vakre, runde, raude. Biletet er tatt av Lars K Flem , eg knigger det og viser det her litt. Håper det er greit, Lars! Det er eit vakkert bilde av eit vakkert hus.

Som sagt - unntakstilstand. Prøv å prate med meg utan at eg nemner Samfundet, UKA eller ordet "gallakjole". Går ikkje.

10.10.05

UKA går som ei kule. ORIGO er eit fantastisk flott UKEnamn, eg har møtt Wenche Foss (og det var stort!), å vere nervøs skjerper meg so eg blir flink når eg skal halde tale. Eg er så stolt så stolt, og utruleg glad for å vere Samfundsleiar i eit UKEår.

Eg har sydd gallakjole i revyfargar (lilla med grønt belte & detalj), den ligg i ein krøll på rommet mitt med champagneflekkar heile vegen.

I skrivande stund sit eg og ja, nettopp; skriv. Det er lite kjekt, eg skriv på ei oppgåve eg har skrive før men som forsvann. Er det verkeleg mogleg å skrive 3 sider utan å lagre? Ja, det er det visst. Herregud. I rommet ved sida er det premierefest på ei annleis filmoppleving: Prøvekanin. Film og teater i utfordande og vakker symbiose! Eg såg premiera og vart veldig imponert men litt sur, men det var berre fordi eg ikkje skjøna ting. Eg skjøna ikkje det usagte før det hadde gått nokre timar etter forestillinga. Soleis er det jo vellukka, når ein treng tygga litt på stoffet - då hugser ein det! For øvrig tolka eg plottet feil. Sånn kan det gå.

Hurra for UKA, hurra for SIT, men antihurra for skule.

5.10.05

Galla is a state of mind...

No er det ORIGO, UKA 05, og er so nervøs at eg nesten dør.

1.10.05

For 10 år sidan....
.... var eg 13 år, utadvendt og positiv, men usikker. "Aldri mer 13" var ein film eg såg, men eg tenkte aldri på det på den måten. Det var ikkje verre å vere 13 enn for eksempel 12 eller 14. Eg hadde langt, lyst hår i midtskill. Eg hadde oransje jack&jones-bukse. Eg var ikkje særleg flittig på skulen, men las mange bøker utanom skulebøker, so eg var kunnskapsrik og ganske skarp for alderen. Eg var eit hovud høgare enn alle gutane i klassen utanom ein. Eg trudde eg var kjempetjukk og ganske stygg, men hadde nettopp bestemt meg for at aldri nokon skulle få merke kor usikker eg var på meg sjølv og livet i det heile.

For 5 år sidan...
....hadde eg nyleg gått ned ei trapp og sett meg sjølv i heilfigurspegel. Det var fyrste gong eg såg at eg ikkje var kjempetjukk, men ganske vanleg. Eg var 18 år og hadde byrja å drikke raudvin og litt øl. Eg hadde mørkeraudt hår og kort pannelugg, gjekk på dramalinja, budde på hybel i Bergen men reiste framleis heim nesten kvar helg for å henge med Fusa-vener og berre vere heime. Eg gjekk med kjolane eg fann på loftet til Besto eller Mormor. Eg var ikkje flittig på skulen, og det var litt vanskelegare enn før å surfe på god allmennkunnskap og flaks.

For 1 år sidan...
....var eg komen ordentleg inn i livet som student i Trondheim. Det vil seie, eg var ikkje så flink til å studere, for eg var ikkje flittig til å lese. MEN eg var veldig flink til å gjere andre student-ting!! Eg var i kulturstyret til ISFiT 2005, og det var heilt fantastisk. Eg hadde bleika hår med evig ettervekst, for eg hadde verken tid eller råd til å gå til frisøren so ofte som vedlikehald av blondheita kravde. Eg budde i kollektiv på Singsaker. Eg var nøgd med nesten alt.

No...
....sit eg på Samfundet og skriv oppgåve. Eg sit på Selskapssiden, der alle kostymesyarane til UKA prøver so godt dei kan å bli ferdige til 08.00 i morgon. Eg koker kaffe, henter godteri og hjelper til med andre småting. Eg har ganske langt hår, det er framleis bleika og eg tok faktisk etterveksten førre måndag. Det vart fint. Eg er ikkje so veldig flittig til å studere, men eg har god unnskuldning, for eg er leiar av Studentersamfundet i Trondhjem, og for å vera heilt ærleg: det er eg ganske stolt av! Denne veka har vore litt rar, men no er eg komen meg over det. Har skværa opp med dei som gjorde det rart, og det var godt, for eg hadde ikkje tolt å vere sint lenger. Eg liker ikkje sinne. Eg liker fest og frivilligheit, gode menneske, godteri og alt vel.

20.9.05

Eg vil bli motpave når eg blir stor. Det er kult, det.

16.9.05

Aggi har laga blogg, og då blir det lenke. Aggi kom innom på kontoret her i stad for å gøyme ei kake i kjøleskapet vårt, men det var ikkje plass. Mari og eg sit på kontoret for å fikse litt småting. Mari fikser flybillettane for den skumlaste journalisten i landet, eg driv mental førebuing til å rydde ut av dei to hyllene mine. Det vil seie - hylla mi + hylla til Beate som eg gradvis har ekspropriert for å finna plass til permar og avisutklipp.

I morgon må me flytta ut. Då overtek UKA heile Huset, det deilige Samfundet blir til festfestfest i ein månad - men fyrst skal det byggast i to veker! Vakre Samfundetrom skal byggast om til teaterscener (Biblioteket), kombinert teater- og konsertscene (Storsalen og Knaus) og alle UKEfunkar gler seg. Då kjem SaSp og Event for å bu på kontoret vårt, difor må eg rydde.

9.9.05

Dagen i dag er god so langt, eg er vaken sjølv om klokka er berre kvart på ni. Eg drikk kaffi på SITO, kafeen på uni. Kaffien er vanlegvis beisk som rottegift, men dei første kannene som blir trakta so tidleg ganske gode. Ganske vanleg kaffi. Som UKEfunk får eg den dessutan for kroner 3. No les eg nyhende på nett - eg ELSKAR lille frøken Mac - og tek den store kunnskapstesten til Aftenposten. Eg var to poeng frå å kvalifisere, eg antar det var sport og romfartsspørsmålet som felte meg.

Eg skal lese rapport frå NUPI seinare, etter eg har vore på spanskforelesning og handla kjolestoff og mønster med Mari. Det er Mari som skal kjøpe stoff, eg har. Kjersti kjøpte vakkert blått kinastoff til meg, og eg skal sy kjole som gjer meg like deilig som Anna frå Tekken 3. Litt mindre utringing kanskje, litt mindre splitt - ja, og vanleg kropp, ikkje playstationkropp. Men like deilig.

7.9.05

Laurdag debuterte eg som ordstyrar i ein politisk debatt. Sundag prata eg på gudsteneste i Nidarosdomen. Måndag såg eg Ringenes herre: Atter ein konge, i går var eg hjå kjersti og såg fem episodar av ein serie som ingen kan tru at eg ikkje har sett før, ein serie som handlar om ei dame i new york og veninnene hennar. Ingen av dei har kjærast, men dei bedriver mykje samkvem med menn. Eg skriv ikkje namnet på serien, for eg er skeptisk til googling. Herregud, eg skriv meir om serien enn om dette: å prate i Nidarosdomen! Det har ein grunn: å ligge slakk i ein sofa med ei venninne og ete smash, det fins, det er vanleg.
Men å stå ved gullalteret å høyre si eiga stemme RUNGE i det store, vakre rommet: det fins nesten ikkje, det er aldeles ikkje vanleg. Eg vart så liten så liten, og turde nesten ikkje prate med den vanlege sjølvsikkerheita. Eg liker bileta til Håkon Bleken utruleg godt, og er ikkje einig med den ganske krasse kritikken og voldsomme diskusjonen i media over sommaren. Hadde eg orka skulle eg leita fram nokre lenker til diskusjonen - dersom nokon er veldig interessert får dei melda frå!

No skal eg på Samfundet og snakka meir om Samfundet. Det er stort sett det eg gjer for tida: snakka om Samfundet. (eg elsker det)

28.8.05

I går gifta ei av mine beste venninner frå vidaregåandetida seg, og eg var til stades. I førd rosa kjole og ei mengde tyll inntok eg rolla som den single og derfor litt bitre venninna - den einaste som signerte kortet med "Mari", og ikkje "Mari og [gutenamn her]. Det er 10 år for tidleg til å bli bitter for denslags, men kva skal ein gjere når ein er omgjeve av sambuarlukke og stadig nyforelsking?

Utanom dette var det ein fantastisk dag, sjølvsagt. Brura framførde "I got you, babe" med klump i halsen og tårer i auga, akkompagnert av brørne sine på trommer & gitar, og intet øye var tørt. Kake, vin, super fiskesuppe til nattmat, konjakk, meir vin, kjempefull ung mann i bunad - musikk og dans. Og regn. Utebryllup i Bergen? Ikkje noko som ikkje blir vellukka med noko laterner, lys & ikkje minst presenning. Fantastisk.

25.8.05

HURRAAAAA! I dag har eg fått den penaste dingsen eg har sett på lenge: ein kvit liten iBook.

Mac is the new loud!!

16.8.05

No er eg so nøgd at eg lener meg attende og berre gliser. Det er mykje å gjere for tida, eg er på Samfundet heile dagen og kjem meg liksom ikkje heim. Til slutt merker eg at eg gjer slike ting som google meg fram til stygge klede som heiter Mari, og DÅ er det på tide å gå. I går og i dag hadde eg dei to fyrste talane av typen: "Samfundetleiaren prater vakkert og inspirerande om Samfundet". Same shit kvar gong, men wrapping tilpassa publikumet. Dagens publikum var stortingskandidatar & representantar frå studentdemokratiet.

"Men kvifor so nøgd, då Mari?" tenkjer du kanskje no, og det skal du få vita: Nye nettsider for Samfundet, nytt program er sluppe (og det er sjølvsagt superbra!), ny utgave av Under Dusken i dag, immatrikuleringsdagar og alt er fint.

....no venter eg berre på eit høve til å klippe håret.

29.7.05

Då er det klart: eg reiser frå vestland, vestland på måndag klokka 21:20, og landar på Værnes klokka 22:20. Då vonar eg på kvite duer og tårevåte kjakar på Flesland, og flamencodans, flagg og hurrarop på Værnes. Okei? No skal eg legga meg, rett frå nattevakten og i seng. Aaah!

25.7.05


I dag har eg bursdag. Eller gjebursdag, gjebursdag, jibbesdag, børsdag eller kanskje fødselsdag om du vil. Kake er klar, det blir familie & vene-besøk i dag, og storfest på laurdag. Alle som vil er inviterte på festen på laurdag, berre ring om du er i fusa eller omegn.

I anledning dagen, smeller eg opp eit bilete frå bursdagsfesten i fjor.

PS. Eg ønsker meg undika, sokka og pyntestrømpikk.
PSPS. Ikkje få perverse tankar av ordet strømpikk, det betyr strømpebukse.