28.7.04

JohnOlav, min gode, gode ven kan køyra den store kofferten min opp te Trondheim i bilen sin. E du klar øve ka da betyr? Da betyr at eg får mykje mindre å drassa på når eg skal reisa i måro.

Eg spele Luring, Odd, du veit, inn på ein kassett, og nett no når eg skriv detta so synge han: "Alt for mange lause ting", og da e nett so da e alle klea og arka og greiene i stova han syng om, alle tinga som skal ned i sekk eller koffert og fraktast te Trondheim, der eg bur.

Da e sol og fint, men eg e inne. Eg har på meg dångribuksa te Heine, bror min, utan å kle den særleg godt. Litt sid i rævo kanskje. Eg har tatt meg ei øl for ikkje å bli stressa over pakkinga. (neida, da va berre fordi eg hadde lyst på). Været e so fint, men eg må pakka, for eg reise i kveld.

Eg reise i kveld, eg reise i kveld. Skogane synge bakom, fjordn e blank. Eg reise no.

25.7.04

Bursdag er kjekt, kjempekjekt. Hurra. Eg er trøytt og glad. Festen var bra. Da  va fint på jobb i dag. Eg har fått fri på tysdag og skal på fjelltur. Da ska eg te helgo og. Ting ser bra ut.  Eg er veldig glad. Om ei veke er eg attende i Trondheim. Raske, raske ferien. "Ferien". Åh, sukk.

Hurra for Gudrun og Tarjei!


24.7.04

Me spelar ikkje gitarar! Me spelar ikkje gitarar!  Me speler ikkje gitarar! Me speler ikkje gitarar?

Musikken er høg og hælane mine er høge, og dei trampar med bassen. Eg skulle ynskje eg stolt kunne presentere dykk biletet av den fantastiske kaka eg lagar. Den er som eit kunstverk. Eg skal skrive meir om kva type kunstverk ved eit seinare tidspunkt, men den er absolutt dekadent. Dekakedent, HAH! Men det kan eg ikkje, med mindre de kjem på besøk, på festen.
Pappa kom frå besto og besten i Hardanger med ein stor kasse moreller og eit bakstetrau jordbær. Håhåhå! Eg og syster har rensa jordbær på terassen medan far laga god middag og mor bursdagskake. Det er siste kvelden familien er heime alle, siste i sommar og siste på uvisst lang tid. Hausten? Eller jul?

Bursdagskaka er til meg. Eg skal feira den store dagen, den andre i livet som består av to heilt like siffer i morgon. Med kake og folk! Nokon i nærleiken av Eikelandsosen, Fusa må gjerne stikke innom, velkomen velkomen velkomen!

Lydsporet til kvelden er Øyonn Myren og den litt meir kjende Odd Nordstoga; Nivelkinn. Ei fin plata frå den tid Odd`n ikkje va fullt so kjend som no. Eg kjøpte den til mor og far då eg var i byn no sist. Sio dei betaler husleigo mi i sommar då, takk og takk!

19.7.04

Eg les Vreng!, adbusters sitt magasin. Eg høyrer på  Johndoe, drikk kaffe. Eg er kvalm, og har vondt i magen, men nektar å ta piller. "Det fins ikke piller mot møkkete vann", dessutan er eg MOT å ta piller mot alt mogleg som kjem og går over. Nokre gongar trur eg pillene er farlegare enn å la være å ta dei. Dei tek ikkje vekk det vonde, du berre merkar ikkje at det er vondt lenger.

Snart skal eg på jobb. Jobben eg får betalt for, der eg går no og då, når eg må, men der det alltid er nokon andre som og får betalt for å vera der - og jobben er livet til dei som bur der, som er der alltid. Me går rundt og kontrollerer at det er lettare å leve, gjennom rutiner og hjelp. Når eg tenkjer på det på denne måten er det so utenkjeleg.
 
SMAKERRARTSMAKERASFALTSMAK!
 
Nei, no må eg bli glad, sjølv om det regnar. Ordna glad: god idè, ooooooh-ooooaaaoooh-refreng.  Engasjement: dårleg ord, bra ting.   Bilete til lyst og glede. Hugs, eg var der.

17.7.04

For nokre dagar sidan klinte eg med David Bowie. Det var på medan han spelte ein liten konsert for berre nokre få, rett før han skulle spele den store konserten. Eg hadde ikkje billett, men fekk høyre på då fyrst, eigentleg skulle eg berre rett gjennom rommet for å finne nokon andre. Medan han spela "Ziggy Stardust" strekte han ut armen og strauk meg over andletet, so lente han seg fram og svevde mot meg og kysste meg.

11.7.04

HAHA! Det er ein rosa vegg eg ser paa, med gullmaling überstrichen. Daa eg kom til Berlin var eg braatt blitt so daarleg i tysk. I München gjekk det bra, eg hadde ordentlege samtalar og fekk det til heilt flytande.

Men her gaar det so daarleg! Eg skjönar ingenting. Eg er litt sliten her eg sit. Byen er so forferdeleg stor. I dag har eg vore i Treptower Park med Espen, kompis som eg bur hjaa, og i det jödiske museumet aleine etterpaa.

BLabla, turistbla! Fire kroner for ein halvtime internet, det er ikkje verst?

No er eg svolten. Dersom eg freistar aa skrive kröllalfa med den vanlege tasten ser det slik ut:². Kröllalfa göymer seg nemleg bak q i tyskland. AH, desse kulturskilnader!

3.7.04

No er eg i München. Det er varmt. Det er folksamt, men eg er her aleine. Det er heilt greit, og litt spanande. Folk er supergreie og superhjelpsame.

I gaar var eg paa Holledau Open Air Festival. Det var ein särs sjarmerande festival. Eg drog dit paa grunn av Nina Hagen, eine og aleine. Noko som frambrakte litt imponerte, men vantru smil paa andleta til dei eg sa det til. Vesle jenta - aleine fraa Noreg paa grunn av NINA HAGEN? Rart. Men töft.
So fekk koma backstage, daa, og staa der aa venta paa at NINA skulle dra. Og naar ho drog, daa fekk eg autograf og veksla so vidt nokre ord.

Det du nett las no er berre ord paa ein dataskjerm, det er i grunnen ikkje so tydeleg:
HERREGUD, eg har truffe Nina Hagen! NINA HAGEN! Herregud! Ord blir knappe. HAHAAA!!

29.6.04

Det er NINA HAGEN og chicks on speed eg høyrer på. Eg lager kassett til FERIETUREN! Hurra, eg skal ta tog i tusen timar med walkman. I love walkman.

Og so noko som eg av uforklarlege grunnar ikkje har nemnd før. For ei tid sidan, for å vere NESTEN nøyaktig ein månad og ei veke, fekk eg e-brev frå RAGNHILD MARGRETHA! Og det må vel vere ei bra dame! Tenk om eg kunne brodere! Det har eg ikkje prøvd på lenge. Då skulle eg har brodert NINA HAGEN på buksa mi, den eg skal sy litt på no etter å ha skrive dette.000

So skal eg lage ei veske som eg kan ta med på FERIETUREN. Eg gler meg slik at eg hoppar omkring og klapper i hendene medan eg kviner. Syster kjem opp og lurer på kva som skjer. Eg berre gler meg veldigveldigveldig.

Det er i morgon eg dreg. Med nattoget frå Bergen til Oslo. Tjoho! Skal DU vere i Køben mellom klokka tre og seks på ettermiddagen på torsdag? Sei i so fall frå. Eg har med mobliteflonen.

23.6.04

Heksa på st.hansbålet var laga av ein trekross med klede på, hovudet var ein ballong. Ballongen sprakk med ein gong, kleda forsvann fort. Det som då stod att var ein brennande trekross i toppen av bålet. HAAHAHAHA!

21.6.04

Det er Weeping Song av Nick Cave eg høyrer på. Og er litt sur. Sur for at dette er ei dustedatamaskin som berre innimellom vil samarbeida med menneske. No vil den, litt - men tek ikkje fem øre for å drepa alle internettsidene som eg hadde oppe. Eg bannar.
Desse bileta kom frå Nils. Takk Nils, det hjalp!

Det er ein luresommar. LURESOMMAR! I dag snur sola, men det har ikkje vore noko godt vær, det har regna og tordna og lynt og vore nokre regnbogar og berre kaldt. Dessutan jobbar eg heile tida. Ferie! No!

Weepin Song har blitt til Poison og Alice Cooper. Eg blir gladare då.

13.6.04

"Dersom ein berre skal ha ei Bowie-plate, kva for ei plate skulle det vore då?

Eg har berre ei Bowie-plate. Det er Aladdin Sane. Etter å ha lese om B. i BT i dag var det klart at eg måtte høyre på den. Aladdin Sane. Og difor lurer eg på, er det nok Bowie? Er det nok, "liksom"? Eg er neimen ikkje sikker. Iblant har ein ei kjensle av at det ikkje burde vere nok, at det sulle ha vore slik kjensla var då eg berre eigde to Tom Waits-album. Då kjende eg at eg ville ha meir. Men eg har ikkje den same kjensla for Bowie. Men eg vil.

Kjensler. Herregud. Kva er no detta for noko. Skrivetull.

Øyvind har mykje pengar som han ikkje bruker, for han treng ikkje ting. Eg har ikkje so mykje pengar, for eg bruker dei på ting eg føler for. Er eg heilt skadd? Kjensler for ting?

Er musikk ting?