23.8.11

App til folket?

Eg har ikkje ipod eller ipad eller tripod.
Men eg har mac.

Sidan to veker sidan har eg faktisk NY mac, nemleg ein tynn og lekker MacBook Air.
Og den har AppStore, so no er eg i gong med dingsar som skal gjere livet lettare, og so langt har eg skaffa meg desse to, som begge to FAKTISK bidreg til å strukturere og lar meg Få Ting Gjort:

Awareness, som lagar ein dingelyd når eg har heldt på ein time på dataen (og som då oppmodar meg om å ta 5 minutt pause før den nullstiller teljinga), og
Pomodoro, som med tankegong etter the Pomodoro Technique gjer meg 25 minutt til å jobba effektivt med ei vald oppgåve før eg får 5 minutt til å ta pause. Og ja, den tikkar høgt.

16.8.11

August

Det regner igjen, og sjølv om det eigentleg er keisamt at det regner, og sjølv om det fører til overstadige elver og flaum som får meg til å lura på om han der crazy radiopastoren hadde eit poeng med vårens profetiar, so må eg innrømma at eg (på eit ordentleg personleg, mikronivå) likar det, fordi det luktar
SO
GODT.

24.7.11

Tung tids tale

TUNG TIDS TALE
Det heiter ikkje: eg – no lenger.
Heretter heiter det: vi.
Eig du lykka så er ho ikkje lenger
berre di.
Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må du gi.

Alt du kan løfte av børa til bror din,
må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys,
ver du eit bål, strål varme ifrå deg!

Hender finn hender, herd stør herd,
barm slår varmt imot barm.
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne,
at du er varm!

Haldis Moren Vesaas

23.7.11

Grand Canyon i Hjartet

Når Anakin Skywalker gjer etter for sinnet og angsten, når han lar det ytste mørket og den største ondskap sleppe laus - då drar han til jedi-tempelet og drep, massakrerer borna. The younglings.

Då eg såg det, på film, opna det seg eit botnlaust krater inni meg, fordi eg evner å leve meg inn i ting, og fordi det var ei so uendeleg forferdeleg og vond handling.

Men det er ikkje film i dag.

So krateret stenger seg ikkje når neste scene er noko fint og godt, noko som kjemper for dei gode kreftene. Krateret blir til eit grand canyon i hjartet, ei revne, eit sår som ikkje gror når alt går godt til slutt slik filmkjenslene er det. For korleis kan det gå godt til slutt?

Det er ikkje tenkt ondskap, det er ikkje produsert og fostra av fantasti. Det er som leopoldseplet i ei Nesbø bok, eit streif av noko ekte i ei fiktiv ramme. Og det ekte gjer so vondt.

Tankane våre, medkjensla vår som eit heilt folk går til dei som var der, Oslo, Utøya.
Til dei som har fått svar om familie og vener.
Til dei som venter på svar.

Men venner!
‎Mist ikke troen på mennesket. Mennesket er som et hav. Selv om noen få dråper er skitne, blir ikke havet skittent ~ Mahatma Gandhi

22.7.11

Ta vare på kvarandre!

Oslo, Oslo!

Eg har aldri vore so takknemleg for facebook og statusoppdateringar som i dag. For kvar som skriv eg er trygg, eller eg er i god behald blir eg litt lettare. For kvar usikre bit informasjon, særleg om Utøya (UNGDOMMAR!) blir eg tyngre og tyngre, meir og meir skremt.

Medkjensla mi går ut mot dei som ikkje får dei gode beskjedane.

Nasjonalismen og dei spissformulerte kommnetarane om innvandringskontroll gjer meg kvalm og redd, men følgande status frå facebook er ei spire av noko eg trur på:

Sammen bestemmer vi konsekvensene av ugjerningene. Ikke la hatet vinne.

Det er alltid tid for å ta vare på kvarandre, og no meir enn i går, og nokon gongar er det ekstra riktig med eit dikt:


Det heiter ikkje: eg - no lenger.
Heretter heiter det: vi.
Eig du lykka så er ho ikkje lenger
berre di:
Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må di gi.

Alt du kan løfte av børa til bror din,
må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys,
ver du eit bål, strål varme frå deg!

Hender finn hender, herd stør herd,
barm slår varmt imot barm.
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne,
at du er varm!

Halldis Moren Vesaas



21.7.11

Botanisk Mysterium


Me var i Myrane.

Der fann me denne mystiske, vakre og velduftande blomen.


Er det nokon som veit kva den heiter? Eit heilt familieselskap var fullstendig blanke, ingen hadde sett den før. Både georgine og lilje er foreslått, og det botaniske mysteriet er blitt sommarens store nøtt.

Kva er den? Og kjem han til å overleve flyttinga til tante sin hage?

28.6.11

Deb 16. august 2003 skreiv eg dette i bloggen min:


Ein kan stadig læra nytt om foreldra sine. Far min, til dømes, fortalde meg i dag at han har hatt ei Goethe-omsetjing på trykk i Vinduet.


No hadde eg gløymd det att, og blei glad for å sjå det. Ein kan visst stadig og stadig stadigare læra noko nytt om foreldra sine!

13.6.11

Fryd og Forventning

Sommar - og tid for flotte ord på F:
Fri, Ferie, Fint vær, Familie, og for å dra ein billig ein på utanlandsk: Friends.

I hagen til mamma og pappa, der er det Flora, Fryd og Forventning som regjerer!

Fryd:







Og forventning:

14.5.11

Figgjo Forever

Ein impuls kom farande over internettet og fekk meg til å bildegoogla Turi-design frå Figgjo Flint. Kvar gong eg finn noko frå Figgjo (eller konkurrenten Stavanger Flint for den del) blir eg so øm om hjartet! Eg likar so godt dei festlege blomstrande, fantasifulle, tidvis romantiske, tidvis naive og veldig nostalgiske motiva.

Sjølv har eg 7 asjettar og eit serveringsfat i serien Sicilia, og eit frukostservise i ymse delar frå den vidunderlege serien Lotte. Der har eg og 6 eggeglas, som nr. 2 frå høgre på den nedste linja på biletet. Eg har fått serviset frå Besto, og det er favoritten min. Eg kan nok aldri finna eit servise eg likar so godt som det.

Biletet har eg stole frå ein fin og veldig rosa blogg, her.

13.5.11

Fredag i hagen

Det er fredag, det er sommarleg, og systra mi bur i eit hus med ein overgrodd hage. Det er eit fint lite hus og ein stor, nydeleg hage. Dei som bur der er visst ikkje so opptekne av at dei har den, medan eg på mi side blir meir og meir sikker på at eg ynskjer meg ein hage for kvart minutt eg tilbringer der.

I fjor plukka eg bringebær til syltetøy i hagen, i år har eg so langt berre tatt nesleskot til brenneneslesuppa. Snart skal eg ta for meg av grøda enno meir, medan eg rister gamalmodig på hovudet over ungdomen som ikkje forstår kva verdiar dei har nett utom døra si. Men før innhausting er det dugnad. Dugnadsgjengen bestod av meg, og det var heilt på eige initiativ at eg gjekk i gang. Noko må ein jo gjera med denne vårlege rastløysa post-eksamen!

Fyrst skrapa eg fram desse flotte hellene under tjukke lag av mose og gras. Eg tok knekken på nokre spede tre og medan eg var i gong.
Ein fin liten gravmyrt stikk hovudet fram mellom nytt og gamalt gras.
Nydeleg, gul Marianøkleblom i mengder.
Skjønne Ruteliljer bøyer hovudet blygt.
Sidan eg har tatt på meg denne dugnaden heilt frivillig tok eg ut løn i rabarbraslang.


9.5.11

Tipp-topp: sommarkropp og rondanetopp



Eg har jo allereie skaffa meg love, sweet love (HELDIGE MEG!), men eg har ikkje akkurat den lekre, smekre, ja beint fram drop dead gourgeous figuren til Jane Russel. So no har eg skaffa meg ein treningsbuddy og ein god vane: starta veka med trening i halv ti-tida kvar einaste måndag.
So no er det vel ikkje lenge til eg blir like heit som Jane? I alle fall skal det bli kjekkare og lettare å gå på toppturar i Rondane i juli.

3.5.11

Klatrefisk

Våre kreative kapasitetar er ein rikedom, seier Ken Robinson, og TED-foredraget eg sette på for å føla at eg framleis er i eksamenslesingsflow medan eg åt lunsj viste seg å vera noko av det mest inspirerande i heile dag.



Robinsons snakkar om skule, om vaksne og om framtida, men det føles like relevant for den føreståande pedagogikk-eksamenen eg har på torsdag som mykje av det andre eg har lese.

Ken Robinson bruker nokre slåande bilete, blant anna når han samanliknar med klimamedvit og seier at me må finna ein ny "menneskleg økologi":
Our education system has mined our minds, in the way we have strip-mined the earth: for particular commodity. And for the future, it won`t serve us.

Og eg synes han har mange viktige poeng, for eg er einig - på same tid som eg oppdager at eg sjølv også verdset den typen intelligens som i bunn og grunn fører til at heile utdanningssystemet vårt er laga for å utdanna universitetsprofessorar.

Og likevel blir eg inspirert og litt stolt, for eg ser at barnehagen både kan og får til å vera noko anna. Skulen kan lære mykje av barnehagen, og trur nok at Robinson ville vore einig med meg.
Ein god barnehage kan nemleg vere ein stad som får til akkurat det Robinson etterlyser: eit pedagogisk tilbod som legg vekt på heile mennesket, der alle styrker eller "kapasitetar" blir sett etter og styrka. Barnehagen er heldig som framleis har tid til det, og det er med ei viss uro eg tenker på skuletilnærminga med læringsmål og forventa resultat som det stadig blir snakka om eller grøssa over for tida. Heldigvis er det enno ikkje sånn, og HEILE barnet har moglegheita til å falda seg ut.

Men det kjem ikkje av seg sjølv! Det krevst framleis vakne og dyktige folk som er i stand til å finna desse styrkene og kapasitetane, og som ikkje minst veit korleis dei kan støtta borna til å utvikla seg enno meir. Heldigvis fins det mange av dei i barnehagen, og eg gler meg til å bli ein av dei sjølv.

Eg må berre ha pedagogikkeksamen fyrst.