20.2.08

I kveld har Samfundet fått ny leiar, og det er like deilig i år som i fjor og åra før det. Marie, den blonde vestlandske nynorske jenta vann, og det kan jo eg lika godt.

STV var fyrst ute på nett, og no skriv eg. Eg har trua på Marie, dei tankane ho fekk fram om Samfundet og seg sjølv kan eg lika og vera einig med. Ho kan gjerne få representera meg!

Og so kan eg lenka til til eit bilete frå eit leiarval eg deltok på med noko høgare puls enn i dag. Det var tider. Det er både bra og trist at dei gamle tidene er over, men eg har stor tru på dei nye. (Sjølv om månen nok er den same gamle.)

16.2.08

http://www.blogger.com/img/gl.link.gif

Astrid og Hanna og Lars Saabye Christensen og slike skriv stadig om kor bra Oslo er. Eg kan sjå at det er ganske bra her, men eg må vedgå at desse gatene i denne byen ikkje kommuniserer direkte med hjarterøtene.

Nett no er det likevel heilt vidunderleg. Når sollyset kjem inn gjennom høge vindauge i leiligheita me er på besøk i, når den nye plata til Radiohead står på og eg les i Genanse og Verdighet som me kjøpte på Literaturhuset i går. Når dagens utsikter er å gå omkring i småe butikkar og brukthandlar for å leite etter rekvisittar, handihand i sol som liknar VELDIG på vårsol. Og at me skal laga god middag og drikka god vin før teateret i kveld. Då er det vidunderleg.

I det siste har sjølv å gå over Bakklandet føltes som ein ut-tygd tyggis. Då er det deilig med isfrie gater og ein merkbart par graders temperaturskilnad. Og fem dagar fri i hovudstaden med ingen oppgåver og mange gamle vener og brødre.

I morgon er planene meir god mat med dei beste gamle vener og nattog heim. Eg likar nattog betre enn Agnar Mykle, mest fordi nattoga er av noko betre standard i vår tid enn i hans vil eg tru, og i alle fall når det er i lag med kjærasten eg skal ta nattoget. So vaknar me opp, hvis me har fått sova då velåmerka, i Trondheim att. Og då har me vore kjærastar eit år.

Men no er kaffien drukke opp, han er ferdig i dusjen, og me skal ut å sjå på Oslo igjen. Snakkast!

9.2.08

Ei brå kjensle av avmakt og at framtida er eit svart gap vart avløyst av vissa om at det einaste eg kan gjere for å gjenoppretta balansen er å rydda i cd-ane* medan eg høyrer på musikk eg høyrde på vidaregåande, for å samstundes få ei kjensle av at mykje er betre no.**

Då fann eg ein cd-singel som eg VEIT at eg har lånt for ikkje so alt for lenge sidan (eit eller to år max), men som eg ikkje hugsar kven eg lånte av.

So dersom du saknar Murmurs America: "You suck"-singelen, so har eg gløymd at den er din. Kan hentast på Loddgard kortidsomhelst.



*Kunne like gjerne vore klede eller papir her, men i dag var det altså cd-ane.
** For musikken bringer fram dei gamle kjenslene, heilt eksakte vibrasjonar av noko som VAR og ikkje ER. Og det er ikkje det at eg hadde det så vondt på vidaregåande, men mykje er i alle fall betre no sjølv om noko heilt sikkert er dårlegare også.

5.2.08

Eg kunne ikkje heilt tru det då eg oppdaga kva eg hadde gløymd i går. Heile dagen hadde eg vore slapp og småsjuk i kollektivet til kjærasten, og gjekk då rundt og slang i stilongsen hans. Litt før seks skulle me på mandagsmøte i SIT, og då tok eg på meg jakka og gjekk. Midt på Bakklandet skjøna eg det: Eg hadde ikkje teke på meg skjørt. Difor gjekk eg i ulltrøye og mannestilongs, med gylf, resten av kvelden. Det var litt rart, men eigentleg ikkje so flaut som ein skulle tru og dessutan: eg skulle ynskje det var litt meir avslappa stemning i verda generelt, slik at ein kunne gå meir i stilongs.

18.1.08


Ja, då veit me det.
Kjærast og eg har snakka om å dra på interrail, og då me fann billettar til 230 kroner frå Madrid til Oslo 4. juli vart det bestemt tid og stad for at turen skal vere ferdig.

Då må me berre finna ut kor lenge me skal vera kvar FØR dette avreisetidspunktet. Eg tek gjerne mot tips og vink og råd. Førebels veit eg berre at eg vonar karane på biletet, castellers de barcelona, har oppvisning i det aktuelle tidsrommet.

9.1.08

Den beste starten på dagen er ein god frukost og kvalitetstid på kjøkenet med kjærasten. Og å lesa postsecret.blogspot.com med ein god kopp kaffi til! Kjærasten kosar seg med pepperkakedeig til sin kaffi. Det er eit snack han for alltid kan få ha for seg sjølv.

4.1.08

Eg byrjer det nye året med å sjå litt attende:

Sei meg om du hugsar dette verset, og eg skal seie deg kor gamal du er:

Ost, loff og leverpostei -
Nelly, det skal jeg kjøpe til deg.


Eller dette:
Dumme spøkelse, gå din vei!
Du finnes ikke men det gjør jeg!

24.12.07

Kvit jul? Nei, våt jul.

Uansett, jul er det.

God jul til alle!

14.12.07

Eigentleg ynskjer eg meg ikkje noko til jul, gjerne geiter eller kyllingar eller symaskiner, men eg kan jo alltid laga ei lita liste:

Kokebøker:
Ingrids matminner (og alle dei rutete Ingrid-bøkene. Eg hadde ein gong den raude, men den er forsvunnen i ein av flytteprosessane eg har vore gjennom)
Alice B. Toklas kokebok
121 tjuvtriks med Christopher Sjuve
Og ikkje minst: Nigella på fest og Nigella freistar.

Vanlege bøker:
Frode Grytten: Tid ved hav, tid ved rom.

Musikk:
Susanne Sundfør

Kle:
Ullundertøy (Gjerne trøyer og stilongsar med blondekant. Men eg brukar IKKJE storleik 46 i stillongs slik nokon såg ut til å tru i fjor! Det held med 42!)
Gulltunika, slik som den Nicole Kidman har i “Det gylne kompasset".

Og til slutt: kjøkkenmaskin.

9.12.07

Like lite som eg får med meg alle episodane i ein tv-serie eller eit radioprogram eg liker - like lite flink er eg til å følge opp noko som går over lenger tid. Som til dømes ein julekalender. Eg vedgår: Det går skikkeleg dårleg. Men til dei som vert skuffa kvar gong eg ikkje har lagt ut nytt adventstips: det finst trøyst.

For barnas jul gløymer ikkje/gidder alltid å laga ny luka på adventskalenderen sin. Der er det stas, kvar dag kan du til dømes spela eit artig spel.

I dag er det tevling forresten. Eg har gjort nokon av desse aktivitetane i det siste. Den som klarar å gjetta kva eg har gjort skal få ei overrasking. Det er mellom 1 og 5 riktige.

A Børi ved.
B Bakt lefser.
C Kokt kyllingskrog til kraft
D Laga marsipan
E Skrive ei julehistorie og fått på trykk i Trønderbladet
F Bakt eit brød
G Laga sylteflesk
H Strikka
I Laga serinakaker i ein barnehage

Lukke til med tevlinga!

5.12.07

Adventstips 4:

I går var eg treig og fekk ikkje posta noko tips. Men her kjem det: Maris julegavetips. Dobbel-Mari-tips.

Adventstips 5:

Dagens tips er for dei som ynskjer seg kjøkenmaskin til jul og lurer på kva for ei maskin dei skal kjøpa.

For øvrig skulle eg gjerne ha posta eit bilete av pepperkakehuset me laga i forgårs. Det var laga etter arkitekt-teikningane på hytta til Svend, ei lafta "oppstugu". Det er det beste pepperkakehuset eg har bidratt til i heile mitt liv.

2.12.07