14.12.07

Eigentleg ynskjer eg meg ikkje noko til jul, gjerne geiter eller kyllingar eller symaskiner, men eg kan jo alltid laga ei lita liste:

Kokebøker:
Ingrids matminner (og alle dei rutete Ingrid-bøkene. Eg hadde ein gong den raude, men den er forsvunnen i ein av flytteprosessane eg har vore gjennom)
Alice B. Toklas kokebok
121 tjuvtriks med Christopher Sjuve
Og ikkje minst: Nigella på fest og Nigella freistar.

Vanlege bøker:
Frode Grytten: Tid ved hav, tid ved rom.

Musikk:
Susanne Sundfør

Kle:
Ullundertøy (Gjerne trøyer og stilongsar med blondekant. Men eg brukar IKKJE storleik 46 i stillongs slik nokon såg ut til å tru i fjor! Det held med 42!)
Gulltunika, slik som den Nicole Kidman har i “Det gylne kompasset".

Og til slutt: kjøkkenmaskin.

9.12.07

Like lite som eg får med meg alle episodane i ein tv-serie eller eit radioprogram eg liker - like lite flink er eg til å følge opp noko som går over lenger tid. Som til dømes ein julekalender. Eg vedgår: Det går skikkeleg dårleg. Men til dei som vert skuffa kvar gong eg ikkje har lagt ut nytt adventstips: det finst trøyst.

For barnas jul gløymer ikkje/gidder alltid å laga ny luka på adventskalenderen sin. Der er det stas, kvar dag kan du til dømes spela eit artig spel.

I dag er det tevling forresten. Eg har gjort nokon av desse aktivitetane i det siste. Den som klarar å gjetta kva eg har gjort skal få ei overrasking. Det er mellom 1 og 5 riktige.

A Børi ved.
B Bakt lefser.
C Kokt kyllingskrog til kraft
D Laga marsipan
E Skrive ei julehistorie og fått på trykk i Trønderbladet
F Bakt eit brød
G Laga sylteflesk
H Strikka
I Laga serinakaker i ein barnehage

Lukke til med tevlinga!

5.12.07

Adventstips 4:

I går var eg treig og fekk ikkje posta noko tips. Men her kjem det: Maris julegavetips. Dobbel-Mari-tips.

Adventstips 5:

Dagens tips er for dei som ynskjer seg kjøkenmaskin til jul og lurer på kva for ei maskin dei skal kjøpa.

For øvrig skulle eg gjerne ha posta eit bilete av pepperkakehuset me laga i forgårs. Det var laga etter arkitekt-teikningane på hytta til Svend, ei lafta "oppstugu". Det er det beste pepperkakehuset eg har bidratt til i heile mitt liv.

2.12.07

28.11.07

Kor syndig er eigentleg sjokolade? Kjærasten og eg såg Chocolat i dag på ekte white trash-vis. Me tok med kvar vår tallerken lessa over med potet&kålrabistapp og pølser inn i sofaen og såg film. Digg mat, deilig film.

Tanken på sjokolade slapp aldri taket. Medan dei andre såg Rosenborg spele kamp(kjærasten var faktisk på Lerkendal) las eg kokebøker. Eg elskar Nigella. Og no har eg testa dei syndige grensene til det lengste, det dekadente og søte livet ein vanleg onsdagskveld: å bake sjokoladekake som Nigella serverte på nyttårsfesten medan eg drikk eit par glas raudvin og ventar på kjærasten.

No står kaka i omnen. Den inneheld 300 gram sjokolade, 6 egg, 125 gram smør og 175 gram sukker, og er piska saman i tre bollar. Enkelt, ganske kjapt og veldig deilig. Og det kjennes nesten ikkje syndig ein gong.

(I morgon har eg køyretime på slaps og is. Det kvir eg meg til.)

24.11.07

Frydar meg med eit glas raudvin og fantastiske Baccara på laurdagskvelden. Ungdomstid, du slette tid. Rett frå jobb og sju-vakt att i morgon. Det er eit hondaliv, men pengane kjem godt med om ein skal ha te salt i suppo og søte kjeks te jul!

Førre helga fekk eg tidenes e-brev. Her stod skrive:

Beklager å måtte spamme, dette var eneste måten jeg kunne få kontakt med deg, mitt livs kjærlighet. Vi møttes på Harveys i helgen, husker at du het Mari-ett-eller-annet...
Hvis du føler det samme, please svar på denne mailen!!!!!!!

LoveU:)

hilsen
"meat-loaf"


...og det var sendt til meg og 571 andre ntnu-brukarar som heiter noko med Mari. Blant anna nokre Mariusar, og ein av desse svara (til alle 572):

Halla!

Jeg var på Harvey’s i helgen og var full som et charterfly. Husker ingenting, men kunne det vært meg?

Hilsen Marius


Eg vonar Meat Loaf finn drømmedama si, det hadde vore ei historie for den kulørte vekepressa, det.

22.11.07

Korleis har du det? Eg vonar du har det bra. Sjølv har eg budd so lenge i Trøndelag at eg har byrja å sei "lell" og ein slags "schø"-lyd på slutten av setningar. Eller meir som "sche", eventuelt "schæ" og i alle fall ei blanding av dei tre. Med kort vokal. Eg skal finna fonetikkbøkene og so skal eg skriva ned kva lyd eg faktisk lager. OG som ikkje dette var nok! Schwa-vokalen i "hei" går meir mot trøndersk e enn vestlandsk æ. Det kjennes ikkje bra. IKKJE bra.

Difor les eg vestlandske bloggar (Alle jentene i Skoddeheimen er gode å ha til dette føremålet) og eg les vestlandske bøker og eg FRYDAR meg når eg kan le innadvendt av dei vestlandske humor-særeigenheitane. So les eg høgt for kjærasten min, og FRYDAR meg når han ikkje tykkjer det er like morosamt som meg. For det tyder at det vestlandske er intakt. Heldigvis.

21.11.07

Arild Opheim fortalde nett at vill-kalkun er i ferd med å innta byar i USA. Til dømes Manhattan. Det er ein fantastisk tanke. Eg ler høgt på kjøkenet med tankene på dei gamle damene som vart so skremde at dei ikkje kom seg avgarde på grunn av ein truande kalkun, og dimed vart haldne som gissel. Diverre følgde eg ikkje med nett då, so eg høyrde ikkje KVAR denne skrekkens kalkun opererte, men eg ser for meg at dei tre gamle damene sat på eit bord på ein fortauskafe og at kalkunen patruljerte strengt fram og attende foran dei. Goble! Goble!

No er eg godt i gong. Og det er jo nett ein månad sidan sist eg skreiv noko, so då kan eg skriva litt til.

Alle stadene eg har budd har eg hatt lånekort på biblioteket. Det vil seie: Fusa, Bergen og Trondheim. I Fusa var det best, særleg før det automatiske kortsystemet. Då hadde eg lånenummer A5. A1-4 var dei andre i familien min.* I går var eg på Melhus bibliotek og fekk meg lånekort der. Det finaste der var at eg fekk kort sjølv om eg hadde gløymd legitimasjon. Eg set pris på slike stader, når ein får lånekort utan legitimasjon, for det tyder at det bur få nok folk der til at folk stolar på kvarandre enno. Eg lånte "Røff guide til samtidslitteraturen" av Marta Norheim. No planlegg eg ynskjeliste til jul. Eventuelt låneliste til biblioteket.

Kjærasten min speler trommer i kjellaren. Potetene til den tidlege middagen er på kok. Eg har det veldig fint.



*Ja, pappa var bibliotekar. Det var fantastisk å vere med han på jobb, og det var eg ofte. Sat der i barnekroken og las alle bøkene eg fann, og då klokka var åtta gjekk eg heim med ein pose eg nesten ikkje klarte å bæra. Fantastisk. Eg likte best eventyr-historier om parallelle univers og born i hovudrollene. Magi, tidsreiser, portar til andre stader eller rett og slett handling frå stader som ikkje finst. Som ein bokserie om Julia og den skumle kampen mot ei rottedronning av noko slag. Eg hugsar ikkje noko konkret, berre nokre bilete. Eller Narnia-serien so klart. Og so vidare.

21.10.07


Galla is a state of mind! For eit par veker sidan var søster på besøk. No er bror her. Det er fint med familie, særleg når dei kjem på besøk og eg ikkje har sett dei sidan august. UKA er tiara og champagne, og no også besøk. Eg skal legga ut bilete av bror seinare, bror som kjøper FUSA-skjorte på FUSA-butikken.

Til slutt er det ein ting eg vil tipse dykk om. Eg har det frå Else Camilla, og eg var lenge skeptisk. Det synte seg å vere grunnlaust. Prøv knekkebrød med brunost, salatblad og sennep! Det er skikkeleg digg, ganske pikant.

16.10.07

Ein dag skrapar eg saman nokre scones til frukost, slik at kjærasten og eg har noko å ete til kaffien. Det er ganske romantisk.

Ein annan dag sparkar eg til eit raudvinsglas so dei kvite teppa på golvet og senga til venninna mi får raude flekker.

Ein dag sit eg og gret av stoltheit over teaterforestillingar og kva ufatteleg stort gode vener kan få til.

Det er oktober og festival, ein festival eg er med på, men likevel litt framand for nett denne gongen. Men snart er det over, og då kan eg sjå fram til...

...til jul.

30.9.07

Eg freistar å få ned på papir eit ynskje om formidling. Hahaha! Det er ein søknad til noko kjekt som eg har tenkt på i mange år. Endeleg høver det. Endeleg har eg ingenting som held meg att slik at eg tenkjer "litt seinare, eg skal berre bli ferdig som leiar/gjere ferdig bachelorgrad*/vere med på UKA/bli litt betre kjend med kjærasten min slik at det ikkje vert so rart å reise fyrst!". Alt dette er greit.**

Og no får eg fan ikkje til å skriva søknaden. Fristen er i morgon, so eg bør bli genial då. No er eg ikkje genial, so eg legg meg til å lesa litt i Bikubesong før eg sovnar. Eg må jo førebu meg litt, til DETTA. Det blir skikkeleg stas, og alle er inviterte.

*HAH!
**Unntatt bachelorgraden.

17.9.07

"Du store min, tenkte Galdhøpiggen.
Den våknet en dag og oppdaget at den hadde flyttet seg en centimeter."

Det er noko slikt ho skriv, den godaste Inger Hagerup. Eg trur dei tenkjer "du store min" heime og for tida.