28.11.04

Ein kopp kaffe står på bordet foran meg, sterk nok til å brukast som mordvåpen. "the Cocka hola company" ligg i veska mi, klart til å lesast. Det har den vore sidan september. Eg fann den i ein bokhandel i München, omsett til tysk. Eg byrja å lese litt, det var ein slik bokhandel der ein kan få kaffe og lese i bøkene frå store lenestolar før ein evt kjøper dei. Eg kjøpte ikkje ei norsk bok på tysk i München, eg kjøpte den på norsk i uni-bokhandelen i september.

Det er ordentleg vinter i denne byen. Sjølv tida går fortare enn nokon gong er det likevel lenge sidan sist vinter. Eg hadde gløymd korleis vær kunne oppføra seg, for det har vore so stabilt og fint i haust. (Eller eg har vore inne?) No er det stabilt att. Kaldt og snø.

Leffa, Endre og eg skal flytta til andre sida av byen. Me fekk veta i dag at me får bu der me var på synfaring førre sundag. Herregud so fint da skal bli.

22.11.04

Internett, staden for nyttige artiklar og god lærdom. Eller berre sinnsjukt.

16.11.04

Eg er so forferdeleg glad i dag! Forferdeleg, forferdeleg glad.

Det er ikkje anten eller. Det er ikkje anten eller. No er det snø, på den fine måten og ein kan bli glad att. Heimover i halv tre-tida, god og glad venninne på telefonen. Haha! Herregud, eg dør.

10.11.04

Fred er betre enn krig, og karsk er betre enn tequila.

Det stod ein tekst her som rett og slett var for dårleg til å få stå til heile verda. Og sitatet over har ikkje noko som helst med dagens væskeinntak å gjere, det er snarare eit STATEMENT som det heiter. Ei evig ytring, og den kan få stå i all æva, amen. Saman med eit sitat frå the Smiths:

"15 minutes with you ooooooh no, I wouldnt say no"

26.10.04

På biblioteket på universitetet, to kommentarar som får meg til å skrive litt hardare på tastaturet:
"Jeg husker jeg gråt av glede da jeg var ferdig med nynorskeksamen"
"Ja, og jeg trodde liksom jeg var ferdig, jeg. Det er skikkelig vanskelig, et helt annet språk, liksom."

NEI! NEI! Det er FEIL! Nynorsk er ikkje skikkeleg vanskeleg, det er du so er dum! Det er skulen som er dum! Det er sidemålsundervisninga som er rævkjørt!

17.10.04

-Sånn rent praktisk. Klør det i skjegget?
-Niksepinne.

Takk, kjære Egil og kompani, for ei heilt straolande helg på Samfundet. Duplex forever! I love duplex! 1000 lomper stinker!

10.10.04

Eg kjøpte boka. Den synte seg å vera veldig god og relevant uansett dei nemnde sidene. Ei bok ein kan ha, som ein kan sjå på som ei investering.

Sundagkveld, sundagkveld. Eg har skrive referat frå kulturstyremøte(ISFiT). Eg elskar å skrive referat! Det er kjempekjekt og eg kan berre koma på nokre få ting som er kjekkare ein kveld som denne. Det vart ein god dag, sjølv om det kjendes ut som den like godt kunne blitt dårleg då eg vakna i to-tida.

I "skriv melding"-feltet på telefonen min stod ei melding eg har skrive i einellerannan liten time. Eg vonar eg ikkje sendte den meldinga, det ville vore særs tåpeleg. Tidsfilter på mobilen. Det skulle ein hatt.


8.9.04

Eg er aldri so lite tissetrengt. Og litt kald. NTNU på Dragvoll er ikkje so flinke til lufting, ventilering, denslags. For kaldt, for varmt, for lite oksygen..eller kanskje muggsopp?

Skal ein kjøpa ei bok til firahondra kroner når ein berre skal lesa side 137 - 265 LIKSOM?

No reiser eg te byn. Eg skal kjøpa bursdagsgåve. Fenalår, turkniv og mjød, trur eg. Og no må eg gå, for no er eg kjempetissetrengt. Hada.

25.8.04

I går var eg på radio, på programmet der Tor-Erling Thømt Ruud presenterer viktige nyhende om dagsaktuelle tema innemellom fengjande popmusikk. Eg vart intervjua på H&M om temaet "kvifor kjøper ikkje unge menneske smykka sine hjå gullsmeden, men på Hennes & Mjauritz?". Det var kjekt. Eg har diverre ikkje fått høyrd det sjølv, men venninna til søstra mi ringte og fortalde til mamma at ho hadde høyrd det.

Forøvrig kan eg avsløre at ingen av alternativa i "kva hendte med tanna mi"-tevlinga var riktige. Det riktige er at eg datt ned frå eit tre då eg var 10 år gamal. Ikkje 12. Men det med nektarinen er sant.

11.8.04

Rock og likestilling? Eg tykkjer dette er ei herleg setning: "Norsk rock domineres av menn. Bildet er imidlertid i ferd med å endre seg. " Musikk og politikk. Med austlandsk uttale: trykk på fyste staving. Je.

Dette kontoret er so varmt at det tek livet av meg. AAAA. Eg let spørsmålet om kva som eigentleg hendte med tanna mi stå ope litt til, det er so kjekt når folk gjettar.

SJÅ kva SIT skal gjera i haust! Spela A Clocwork Orange! Djeezes, da blir so bra, da!