14.11.03

Ein gong møtte eg ei jente. Dette var på ungdomsskulen, so bli-kjend-samtalen gjekk omlag slik:
"Ka lika du å gjera på?"
"Møje forskjelli"
"Lika du å gå på diskotek?"
"Nei, men eg strikke møje!"


Dette siste var sjølvsagt eit festleg (=latterleg) kånete svar då eg var 15. Men om nokon spør meg i dag "du blogge ikkje særleg mykje for tida, Mari?", so svare eg "Nei, men eg strikke mykje."

For det gjer eg, nemleg.

6.11.03

EG er

sexy og noko svolten på menn,
ingen tvil på at eg kunne tatovera S for Slut i panna, men bak all
denne lovande flørting er eg ein proff snikmordar.
Og so har eg ei syster.

take Kven er DU i Tekken? test!

29.10.03

Med handa på hjartet: Varm mjølk med honning og kvitlauk er kanskje det aller verste eg har drukke. Men kva skal ein gjere då, når eg pustar som darth vader, og kvart sukk er ei pinsle. Og dette i den mest fantastisk innhaldsrike veka på lenge! Sjå berre: I går, BOKBADET, i dag, Turboneger, i morgon reiser eg til oslo, på fredag, Blondiekonsert, laurdag, fest på samfundet for alle teaterforestillingane....AKKOVEOGSTØNN!

14.10.03

6.10.03

Ein detalj: NEI, DET ER IKKJE GREIT MED JULESTÆSJ I BUTIKKANE I OKTOBER. DET ER FAEN SÅ LITE GREIT, FAKTISK!
Når ein har fått seg ein UKAjobb, vil nødvendigvis mykje tid gå med på Samfundet. Det er stort sett der eg er. Og om ikkje søv eg. Eller studerer, det er vel i grunnen difor eg er her i Trondheim. Trur eg.

18.9.03

Slik er det: eg kjenner meg tung og sløv, eg får ingenting gjort. Eg har lyst til å springa langt, helst i ein skog. Eller sykle tusen mil. Men istaden legg eg meg på ein sofa, og det kjennes ganske bra det og (nett i augeblinken), men eg kunne nesten grina når eg tenkjer på all grammatikk eg ikkje kan, eller kor dårlege oppgåvene eg skriv er. Eg veit ikkje om eg ligg so dårleg an som det kjennes ut, men det kjennes ikke bra.

Eg har fått UKAjobb, som av-og påkledar til revyen. I dag har me fordelt skift mellom oss, og eg er godt nøgd med dagane eg skal jobbe. Eg får fri til Turboneger og alle andre dagane eg helst ikkje ville jobbe. Det skal bli bra, bra, bra!

Og den største vona er denne: presset under uka, alle dagane eg kjem til å vere oppteken, vil tvinge meg til å strukturere, eg vil få ting gjort, og intensiv lesing vil vere fruktbar. Det er vona.

12.9.03

Ingen vil avsløre.... Eg ler meg i hel.
Realfagbygget, Gløshaugen, NTNU. Tidlegare kjend som NTH, NorgesTekniskeHøgskule. Der er eg no. Og på tavla står det:

LITTERATUR
LITERATURE
LITERATUR

Dersom nokon er i Trondheim den 25.september klokka 19.00, og dersom denne nokon likar litteratur/literature/literatur, so kom på Posepilten. Dit kjem Frode Grytten for å lese høgt og svare på spørsmål.

Dersom nokon er i Trondheim i kveld, og likar musikk, bzw. elektrodjmusikk, kom til Dali, høyr på DJ FUSA.

9.9.03

Det fyrste målet ved å skriva om syn og segn i førre post, var sjølvsagt å oppmoda alle om å lesa den NYE utgåva av tidsskriftet. Berre framsida er verdt å få med seg: vakker, raud, og med Fusapass. Og inni bladet er bilete frå kruninga av Fusakongen. Det var det alle måtte vite, so vart eg so riven med at posten til slutt handla om noko heilt anna.

I dag har eg lese noko på bt.no. Eg visste ikkje om eg skulle le eller grina. Helst grina. Eg er mest einig med denna anmeldaren. Alle føredomer eg har hatt mot denne boka vart forsterka. Eg trur Mads Larsen er ein dust.

Pappa har dessutan bursdag. Hurra Hurra, gratulera med dagen, kjære far!

7.9.03

OLAUG NILSSEN ER MITT FØREBILETE.


No er eg i Oslo. Eg er her for å få kjærleiken min til nynorsk styrkt. Dersom nokon treng å lese litt om kjærleik til nynorsk, vil eg absolutt råda dykk til å lese Syn og Segn (det fantastiske tidsskriftet. Eg elskar syn og segn. ) I det nest siste nummeret har Olaug Nilssen og Gunhild Øyehagen skrive to artiklar. Dei to artiklane vinn fyrsteprisen av alt eg las i sumar når det gjeld å framkalle ei kjensle av rein glede hos lesaren. Og nynorsktesten siterer eg frå so ofte eg kan, som no, når eg er i horestaden på landsstyremøte i Den Beste Organisasjonen for Det Finaste Målet