13.4.09

Etter påskeferien, når me kom heim til eit kaldt, roleg og litt skittent kollektiv føltes det godt å gå i gong med vårreingjering. Kjærasten tok kjøleskapet, eg tok badet. Der hadde nokon kjøpt inn vaskeserviettar til badet. Ein type til vindauge og glasflater, ein type til bad og kjøken. Den siste med sitronduft. Begge eingongs.

Det er deilig å ha vaska, og so utruleg lettvint å ikkje ha skitne klutar å måtta forhalde seg til etterpå. Men det er også flaut. Det er noko eg helst ikkje vil tenke på. Eit berg av søppel. Eit stort sett kvitt, men også grå og svartflekkete berg av eingongs vaskeklutar, med sitronduft, til bad. Det er veldig flaut. Det er eit komplisert reknestykkke å finna ut av om eg burde vere so flau som eg blir: for vil vaskemiddelet, varmvatnet og straumen som går med på å vaska fleirgongsklutane i lengda utgjere tap eller vinning for planeten og økosystemet i forhald til å bruka 2-5 eingongsklutar som går rett i bosset?

Eg vil gjerne gjere det eg kan, eg også, akkurat som Ingvill. Og hvis det kan hjelpa at eg bruker minst mogleg eingongs, so kan eg leva med det. Uansett kor lettvint det var i dag.

6.4.09

Klippfisken låg litt lenge i vatn, so dei ferdige klippfiskbollane vart nesten litt tamme i smaken. Litt meir krydder skal eg og ha med neste gong.

Når blir neste gong? Det blir kanskje i sommar? Då skal kjærast og eg låna leiligheit av tanto til pappa i Bergen. Ein lys og liten gammal dame-leiligheit med nips og balkong - i 9. etasje på sosialdemokratiske Landås. Dit, til balkongen, skal me invitera gode vener på klippfiskbollar ein laurdag ettermiddag. Tapas og øl - ei drykk som mest truleg aldri nokon har nytt på den balkongen før.

Her er det ikkje balkong, men terrasse. Det er berre kjærast og meg som er her, i heile det store huset til svigermor. Oss to - ein peis, eit par øl og ein haug med klippfiskbollar.

God påske!