19.9.06

Eg skjønar at tevlinga ikkje slo heilt an. Var den kjip og keisam? Eller har ingen lest den? Ingen har svara i alle fall. Sidan ingen prøvde ein gong reknar eg med at de ikkje er intereserte, so de får ikkje svaret av meg heller.

Eg er på nattevakt att, men dette er den nest siste. So pakkar Tak Over Hodet saman for denne gong. Neste år er det på att, med nye studentar på dei same gamle madrassene. Kjem eg til å vere her då? I byen, eller på Tak Over Hodet? Time will show.

I same huset som det er TOH er det ein barnehage. Halv åtte byrjer ungane å strøyme på, og nokre av dei grin og grin når dei må skiljast av med foreldra sine. Kva er det med dei? Trur dei at foreldra ikkje kjem og hentar dei? Kvar dag elles men ikkje i dag? Ungar er bra teite. Eg er glad eg ikkje er 5. Deilig å sleppe ansvar, men stress med alle dei irrasjonelle sorgene.

7.9.06

TEVLING!

Eg fann ei side i notatblokkak mi med skriblerier til ein heime-eksamen eg leverte i haust. Oppgåven er å sjå på notata, og gjette kva fagområde dette høyrer heime i, og kva tema for heime-eksamenen var:

"Johannessen s. 16: HAN OM DET!
INNSNIRKLING - MOSAIKK - VANDRING
Formal (Johannesen) /Sakprosa (Beck-Karlsen) minus Haas (Røynsla)
Tårnet! (det arabiske visdomsordet)
OPNINGSSITATET ER FEIL!"

5.9.06

Endre har kjøpt ein gullfisk. Den skal brukast i forestillinga hans, men førebels står den i ein bolle i kjøkenglaset vårt, ved sida av radioen.

Der ligg den og vakar, stort sett ganske roleg og nede mot botnen av bollen. Den oppfører seg litt slapt, men eg har lært korleis han blir livleg att: Det er berre å skru på radioen. Då går han crazybananas i bollen, og vatnet kokar som om me hadde sluppe ein piraya i vatnet til han.

Eg har ikkje etablert noko kjensler for den vesle gull-saken, men det kan hende det kjem snart, eg satser på det.

Elles har hausten snike seg inn i både vær og immunforsvar. Eg har sjal og strømpebukse, og går med ordentleg jakke for fyrste gong sidan mai trur eg.

PS. Forestillinga til Endre heiter "Daddy, I`m so depressed" og skal spelast på Galleri KiT frå neste veke til 24. september.

3.9.06

Nokre kveldar vert noko anna enn ein hadde tenkt seg. Til dømes hadde ein kanskje nett sett seg ned og sett det første kvarteret av Komiprisen 2006. Kanskje tenkte ein: "Dette er litt teit, men eg kan klare det, for i kveld skal eg berre vere heime og slappe av! Kanskje eg skal driste meg bort på kiosken og kjøpe ein brus og litt snop etter kvart."

Då kanskje telefonen ringer, og ein blir spurd om å vere garderobe-krise-vakt på Samfundet. Det er sjølvsagt ikkje voldsomt freistande, men ansvarsfylt og grei som ein er seier ein "okei, då".
Når ein kjem fram til Samfundet får ein vite at det ikkje trengst garderobevakter likevel, og det er like greit, for då kan ein ete pizza med venninner i staden.

Og brått kjem det nokon frå ein (konsert)arrangerande gjeng og spør om nokon kan sminke.
Og brått står ein på Sminken (eit rom, der ein sminker. Åpenbart) og sminker eit av medlemma i Black Debbath om til Zombie Ibsen!

Då må ein sjølvsagt på konserten for å overvære verket, og Black Debbath er fantastisk morsomme og kule, som alltid. Håret til Lars Vokalist blafrar vakkert i vindmaskina, og dei heller ein trønderblanding (trønderfår, kjøttsuppe, heimert, snus og kaffi) over publikum.

So går ein heim, edru men litt trøytt, i eitt-tida, og kjenner at det er like greit ein slapp å sjå Komiprisen 2006, som knapt var like festleg som ein tilfeldig laurdag på Samfundet.