29.5.06

No er planen for sommaren lagt.
No er planen for semesteret nesten lagt.
No er planen for resten av livet... Nei, forresten den er ikkje lagt i det heile.

I sommar: Eg og Maria skal reisa på dei Nynorske Festspela! Det blir stas. Då skal me bu i telt, helsa på Agnes, den nye babyen til Filip, og onsdag 21. juni kan me smaka på Olaug Nilssen sin favorittrett i kafeen på Aasentunet.
Til hausten: Blir eg i Trondheim, tek opp att det eg manglar på tysk (noko grammatikk og språkhistorie) og kanskje får meg ein liten jobb ved sida.

I dag har eg vore panel i Osenbanden. Nederst i linken kan ein lesa om panelet: "På mandager er det paneltid. Da kommer veltalende unge trøndere som er Osenbandens egne rikssynsere." Og eg fekk vera med sjølv om eg ikkje er trønder! Det var skikkeleg artig.

21.5.06

Eg er ikkje lenger leiar av Studentersamfundet i Trondhjem. Og dersom du møter meg, og føler for å spørja: Det er superfint. Noko er trist, noko er bra. Men mest er eg glad.

16.5.06

Heimeeksamen heile natta. I går kveld skjøna eg at eg måtte byte oppgåve, og no sit eg her. Eg gler meg som ein liten hundekvalp til eg har skrive mange nok sider til at eg kan belønne meg sjølv med å setje linjeavstanden til 1,5 i staden for vanleg singel.

Det byrjer å tetta seg til i hjernen. Eg har skrive det eg veit eg kan, eg har pynta på med flotte sitat. No må eg lesa meir i artiklane, men det einaste eg får til er å skumlesa etter behov, med halv-skarpt blikk etter noko som kan passa i akkurat det avsnittet eg held på med.

Treng å sova no, men neineinei, må vera vaken til 12. Må ha noko å levera 12. Må!

11.5.06

Natur, kultur, blablablablabla. Eg er ute av stand til å ta kontroll over eige liv, mine eigne emosjonar og alt som heiter rasjonalitet! I går var eg sur, sliten og utruleg trøytt. Det var tusen millionar ting å ordne og alt såg heilt forferdeleg vanskeleg og tungt ut. Etter at den eine vanskelege tingen ordna seg (Retting: det var eg og Jon som ordna det. Ingenting ordnar seg av seg sjølv!) gjekk det litt betre. So tok eg heilt fri og gjekk for å sjå og høyra Dum Dum Boys. Det var fabelaktig! Det var dritbra! Det var fan så kjekt! Det vart litt betre då.

Og so har eg fått mensen i dag. Eg har ikkje kontroll over meg sjølv! Det ligg nokre ekle hormon i hjernen min og styrer alt! Jævla natur! Det var ikkje livet mitt som var vanskeleg, det var ikkje stresset som tok meg - det var hormonane! Dritt-kropp. Går det an å operere ut hypofysen?

Det er faktisk slik for tida at eg føler meg på grensa til desperat nok for dette. Åh, tenk så deilig om dette gjekk an! Tenk det! Då skulle eg fått til alt mogleg!

Bildet har eg knabba frå pavedokke, men det høver godt til korleis eg kjenner me for tida. Når eg vaknar om morgonen, eit par timar etter eg burde stå opp.

3.5.06

Kaffien i universitetskantinene er så sur at eg kjenner smaken av den i heile munnhola mest heile dagen etter at eg har drukke ein kopp. Difor tek eg heller med ein termos av min eigen kaffi når eg skal skrive heime-eksamen. No har eg drukke heile termosen og kjenner at det lukter kaffi av hendene mine. Eg er faktisk usikker på om det er noko betre.

2.5.06


Mai? Allereie? Eg vakna, drakk ein kopp kaffi, leita etter sjølvmeldinga so eg fekk levert den. Fekk ei tekstmelding: "Håper du vet at eksamen blir delt ut klokka 12.15 på Dragvoll i dag!" Det visste eg ikkje, so no er eg på Dragvoll.

På laurdag hadde me det siste Samfundsmøtet vårt utanom 17.mai. No er det eksamen og 17.mai som tel, men pokker ta det distraherande været! Biletet er frå sundag, det er Frode som har tatt det. Me gjekk langs Nidelva på veg til vårball og blomane hadde han stole til meg i ein hage. Vår, trallala vår.