24.12.05




Ei hjarteleg god jul til alle, her representert ved besto og besten frå fjorårets julafta. No må eg nett sjå om det er brudekjole i den tredje nøtta i år og, før det ber avgarde på elektro-reinsdyr til bydn for å feira denne juletid. Ho ho ho!

Kjærleik strøymer frå Eikelandsosen so vel som Betlehem til alle de som les dette.

Lat det bli jul.

18.12.05

So var eg heime, so var det jul. Det var noko eg hadde gløymd: korleis Fusa-menneska er i fleire kategoriar: Dei gamle, fantastiske venene. Familien, i utvida forstand.* Dei som det er veldig triveleg å treffe og slå av ein prat med. Og resten - underhaldningsverdien. Det er kanskje arrogant av meg å seie det, men slik vil det gjerne alltid vere: på ein stad som dette der puben er omlag like stor som husværet eg bur i og det er dei same menneska der alltid vil det alltid vere nokon som ikkje er heilt min stil. For å seie det fint. Men det er det som er sjarmen med å vere heime. Underhaldningsmessig var puben omlag som danskebåten i kveld, med ein mann med synthiseiser som spela gode gamle songar. Alt frå ABBA til The Actor til Summer of 69 til alt anna du kan tru. Det som ikkje var så danskebåtsaktig var prisane, men det er vel noko med sjarmen det og.

Det aller beste med å vere heime er likevel dette: generasjonsfest! I kveld var det smalahovemiddag i eldhuset i hagen vår. Mykje god mat, mykje god drikke og ein balje med feitt og bein. So var det bading i stampen eller tur på puben etter behag.

(* For utfyllande informasjon om det utvida familiebegrepet, sjå nettstaden til bror. For ordens skuld: Storfamilien er alle frå Eikelandsosen, men me er ikkje i familie i blod, berre sjel.)

13.12.05

EG YNSKJER MEG TIL JUL:

Pene, gode, ikkje so veldig store høgtalarar til frk. Mac
På DVD: Slå på ring, eller Six feet under eller Løven, heksa og klesskapet ( BBC-serien altså) eller Little Britain eller twin peaks eller ein fabelaktig film som f.eks Mulholland Drive.
Bok: "Få meg på for faen" av Olaug Nilssen eller "Brev til Milena" av Kafka eller"Typisk norsk" av Petter Schjerven eller ei samling store talar frå 1905 til i dag som eg har høyrd om.
Stor og kul veske som har plass til ein del ting.
Parfyme: "Touch of pink" frå Lacoste eller "Envy" av gucci eller den der turkise flaska som søstra mi har. ("Ralph")
Frosk frå IKEA. Den er dødsfin og har glidelås i munnen so det kan gøymast ting i den.
Kjærast.


Eg var på IKEA i går med Hilde og Anne Ma. Der fann eg ut kva Fusa er. Du visste det kanskje, ikkje, men Fusa er ein forstørrelsesspegel.

11.12.05


No er julesongane klare. Filip har hjulpe meg og Ludvig var med. Filip og Ludvig er fine karar. Dei lager radio og det er dei gode på - så gode at dei vart nominerte til godprisen. (som du kan lese om i Ludvig-lenka) No heng eg på kontoret på Studentradion medan dei redigerer dokumentar og eg skriv dette og ser over tekstane til vårprogrammet.

På oppmoding frå Filip og Ludvig skal eg no skrive litt om Eikelandsosen Samfunnshus. Dette er eit stort murbygg frå 1982. Dette er eit riktig flott multi-aktivitetshus. Her er både gymsal og festlokale i eit og same rom. Dette kombinert gymsal/festlokalet er eit stort rom med ein helsikes akustikk. På golvet er det slike gule, raude, brune og svarte striper som indikerer banar for ulike ballspel. På veggen er det panel der det går an å henga opp heimekoselege små lampettar til festlege høve. På scena finn du det aller flottaste: eit handmåla bakteppe som syner Eikelandsosen sentrum, Torsnesest eller Neset på folkemunne anno 1950 og det aller flottaste: teksten på Eikelandsfjordsongen. Åååh, Eikelandsfjordsongen! Den går på Vestland, Vestland-melodien og handlar om den vakre bygda. I aulaen er det mogleg å trille inn ein mobil bardisk med tappetårn og ølfat og alt, men dei siste gongane har det ikkje vore ølfat. Nei, då sel ein vanleg boksøl til ovpris, 150 kroner eller noko slikt. I kafeteriaen sel dei hot dog og slikt, og det er bord og benker for dei som heller vil sitja ned og prata enn å dansa.
2.juledag er det pub. Det vil seie dans, men me kallar da julapuben. Eller Pøbben då, om du vil. Dei to siste åra har eg gløymd ut det og set meg opp på tidlegvakt på Hellemyro, men i år hugsa eg på det og kan vere med so lenge eg vil.

7.12.05

Åh, om eg berre var i Bergen! På laurdag! Då skulle eg gått på Cafe Opera, på Fusakveld . Eg vil på det aller sterkaste oppmoda alle om å dra dit og få med seg dette. Eg har høyrd små Fusafuglar kvitra om basar og dubbelkaka. W-O-W!


Men kva, ja KVA? hender med bokstavane mine?

6.12.05


"Dypdykk i arkivet". Det er eit NRK-program, ikkje? Eg har leika meg med djupdykk i mitt eige arkiv: i gamle tankar på hjarteblogg. Mange av tankane hadde eg gløymd at eg hadde, og mange av problema - som dataproblema det første året som student. Knis.

Und sonst? Ich sitze fast den ganzen Tag am Schreibtisch. Möchte arbeiten, kann es aber nicht. Eg strikker og lager julecd. No byrjer den å ta form og eg byrjer å bli nøgd. Have a very Mary Christmas!

2.12.05

Vakne. Frukost. Drikka kaffi og høyra på Belle & Sebastian medan flikker på dei siste dårlege setningane på øvinga som ikkje kunne leverast i natt, då nettet takka for seg.

Gå ut. Gå til nærmaste UNI-bygg, finna trådlaust nett og levera øvinga. Gå forbi Samfundet der danseidol skal ha audition. Kvifor på Samfundet? Dersom nokon frå media eller noko spurde ville eg svara at det berre er triveleg å låne ut Huset vårt når me ikkje bruker det sjølv (nedsylta i eksamen som me er alle mann alle). Køen gjekk frå hovudinngongen til busstoppet. Gjennomsnittsalderen såg ut til å vere ca 16.

Uni. Eit kompendium i elektronisk form. Meir kaffi. Pause med graut. Le av tusen meter lange eposttrådar på tullelista til nokre Samfundetfolk. Skriva e-brev til gamle vener. Lesa litt i mellom. Kulturforståelse. Kva korridoren tyder for sosiale strukturar. Kvifor ekstasen er viktigare enn askesen i Brasil.

Eksamen er i morgon.