29.7.05

Då er det klart: eg reiser frå vestland, vestland på måndag klokka 21:20, og landar på Værnes klokka 22:20. Då vonar eg på kvite duer og tårevåte kjakar på Flesland, og flamencodans, flagg og hurrarop på Værnes. Okei? No skal eg legga meg, rett frå nattevakten og i seng. Aaah!

25.7.05


I dag har eg bursdag. Eller gjebursdag, gjebursdag, jibbesdag, børsdag eller kanskje fødselsdag om du vil. Kake er klar, det blir familie & vene-besøk i dag, og storfest på laurdag. Alle som vil er inviterte på festen på laurdag, berre ring om du er i fusa eller omegn.

I anledning dagen, smeller eg opp eit bilete frå bursdagsfesten i fjor.

PS. Eg ønsker meg undika, sokka og pyntestrømpikk.
PSPS. Ikkje få perverse tankar av ordet strømpikk, det betyr strømpebukse.

20.7.05

"Eg har henta ei flaska med sider te eg, Mari!" roper bror frå kjøkenet der han sit med nokre venninner. Eg har ikkje spurd, kanskje er det STUDIEPLASSEN han feirer? No har verken bror eller nokon andre i familien nokon gong trengt ei grunn for å feire med god mat og/eller god drikke. Nett no er det mest god drikke som vert konsumert på kjøkenet, makaroni med ost har vel aldri gått under kategorien "god mat", i beste fall "godt nok vombafyll". For ordens skuld: det er sjølvsagt far sin heimebrygga eplesider (på ekte Hardangerepler) bror roper om, ikkje noko tull.

Studieplassen er på bibliotek og informasjon, høgskulen i Oslo. Eg er litt trist for at det ikkje er Trondheim, men glad for at det er det studiet. Same som far, faktisk, berre at faget har endra seg litt sidan byrjinga av 80-talet. Heine og far har faktisk veldig lik tiltakskurve: militæret, fåfengd forsøk på historie på UiB, for so å ta bibliotekshøgskulen. Største skilnad er at den gode far var gift då han var so gamal bror er no (21), hadde jobba nokre år før han slo seg til ro med bibliotekshøgskulen. Og so vart eg, den fyrstefødde, fødd 2 månader etter han uteksaminerte. Me budde dei 8 fyrste månadane mine i blokk på Lambertseter før det vart FUSA, gode Fusa.

Det er kort mellomTrondheim og Oslo, eg gler meg til broderleg besøk.

14.7.05

Han skal ha rett i ein ting, paven: Eg er forført, og eg gler meg veldig til den nært foreståande boka. Men diverre for paven er det lenge sidan det var for seint for kristendommen å få moglegheita til å veksa i mitt unge sinn, og det hadde ikkje noko som helst med Hari Påtte å gjera, det var snarare noko kristendomen sjølv, representert av dei prestar eg møtte og kristendomstimar eg hadde som undergrov der, i mi sjel altso. Nokre av dei bøkene eg sette størst pris på i barndomen var fantastiske "Drømmen om Narnia", bøker eg las om att og o att. (Unntatt den siste som var så eksepsjonelt tydeleg i den kristne bodskapen at eg ikkje likte det noko særleg).
FOR tydelege parallellar til noko anna kan verka særs forstyrrande i lesing, som å lesa HP-bøkene som allegoriar over Tyskland på 30-talet, Vortemold som Hitler og svarte trollmenn som nazistar. Og er det slik det er, då har paven enno meir feil i at unge Hari lærer born vondskap og illskap. Det er ein fasettert og vanskeleg kamp mot vondskap Råoling skildrar, og hadde eg hatt born hadde eg latt dei lese HP glatt.

Og no, eit rop om hjelp i verdsvevskogen: Kva treng eg eigentleg, denne,
med 512 noko i minne og 60 gb i harddisk eller drive eller noko, eller er det heilt fint med denne, som har litt mindre minne og litt færre gb`ar? Den oppdaterte versjonen var den mannen på eple-telefonen anbefalte. Bruken min går mest ut på epost, div.internett og tekst. Altså LESA OG SKRIVAl. Dersom eg får ånda over meg, kanskje litt musikk & bilete i tillegg. Er den ekstra plassen sopass naudsynt at den er verdt noko tusen kroner meir, eller rekk det som er frå før? OG, er det vanskeleg, evt dyrt, å oppdatere slikt seinare?

6.7.05

4.7.05

so dar, ja.
Eg tenkte eg skulle forfatta nokre rørande moralske, familiære, riktig nette "det hendte meg" historier, "fra virkeligheten". Dei skal sjølvsagt ikkje vera frå røynda, for eg har ikkje opplevd so mykje slikt, men kanskje eg kan senda dei til nokre vekeblad og tent nokre kroner. Eg veit ikkje om det er so vanleg, men eg veit at eg kan skriva noko i fin stil! Det hadde vore fint om da gjekk, og pengane skulle eg kjøpt noko gøy for. Sko. Kule sko.

Elles ser eg på the Tribe, og får som alltid enorm lyst til å sy. Eg likar the Tribe, men tykkjer dei er ganske unge til å ha so mange born. Når eg tenkjer meg om er det i grunnen sminken, håret og kostyma eg likar best. Håret, forresten? Håra? Eit hår, mange hår, alle håra, men det blir so i hårstrå, ikkje sant? Må eg då skriva hårsveisane? Eg likar sminken, håra, kostyma, sminkestilane, hårsveisane, kostyma.

Nett medan eg skriv byrjer nintendo-musikk på studentradio-streaminga. Det fekk meg til å skriva mykje, mykje fortare, tenk at eg klarte å skriva rette bokstavar!

3.7.05

På Ninahagen.com fann eg den fine gjesteboka som eg har laga meg no. Den heiter teikneboka til venstre, og tenk so fint om alle som las her kunne teikna litt der! Nina Hagen er ei gal, gal dame. Bra. Eg vert inspirert berre av å sjå på henne, det er godt med nokon litt gale.

I går var det fest og badenachspiel. "Skal vi bade i nudien?" "Me pleie no å bada i sjøden, me" er ikkje so verst godt sagt.

Sidan eg no har dette "hjartet i handa" mantraet, eller kva eg skal kalla da, so er det kanskje på tide med noko rett frå hjarta og ut i handa: eg gløymde om ein gamal, knust kjærleik i natt, so levandes at eg ikkje ville vakne. Det kan framleis gjera meg so uendeleg trist. Kva skal ein gjera? Legga seg ned og grina?