29.6.04

Det er NINA HAGEN og chicks on speed eg høyrer på. Eg lager kassett til FERIETUREN! Hurra, eg skal ta tog i tusen timar med walkman. I love walkman.

Og so noko som eg av uforklarlege grunnar ikkje har nemnd før. For ei tid sidan, for å vere NESTEN nøyaktig ein månad og ei veke, fekk eg e-brev frå RAGNHILD MARGRETHA! Og det må vel vere ei bra dame! Tenk om eg kunne brodere! Det har eg ikkje prøvd på lenge. Då skulle eg har brodert NINA HAGEN på buksa mi, den eg skal sy litt på no etter å ha skrive dette.000

So skal eg lage ei veske som eg kan ta med på FERIETUREN. Eg gler meg slik at eg hoppar omkring og klapper i hendene medan eg kviner. Syster kjem opp og lurer på kva som skjer. Eg berre gler meg veldigveldigveldig.

Det er i morgon eg dreg. Med nattoget frå Bergen til Oslo. Tjoho! Skal DU vere i Køben mellom klokka tre og seks på ettermiddagen på torsdag? Sei i so fall frå. Eg har med mobliteflonen.

23.6.04

Heksa på st.hansbålet var laga av ein trekross med klede på, hovudet var ein ballong. Ballongen sprakk med ein gong, kleda forsvann fort. Det som då stod att var ein brennande trekross i toppen av bålet. HAAHAHAHA!

21.6.04

Det er Weeping Song av Nick Cave eg høyrer på. Og er litt sur. Sur for at dette er ei dustedatamaskin som berre innimellom vil samarbeida med menneske. No vil den, litt - men tek ikkje fem øre for å drepa alle internettsidene som eg hadde oppe. Eg bannar.
Desse bileta kom frå Nils. Takk Nils, det hjalp!

Det er ein luresommar. LURESOMMAR! I dag snur sola, men det har ikkje vore noko godt vær, det har regna og tordna og lynt og vore nokre regnbogar og berre kaldt. Dessutan jobbar eg heile tida. Ferie! No!

Weepin Song har blitt til Poison og Alice Cooper. Eg blir gladare då.

13.6.04

"Dersom ein berre skal ha ei Bowie-plate, kva for ei plate skulle det vore då?

Eg har berre ei Bowie-plate. Det er Aladdin Sane. Etter å ha lese om B. i BT i dag var det klart at eg måtte høyre på den. Aladdin Sane. Og difor lurer eg på, er det nok Bowie? Er det nok, "liksom"? Eg er neimen ikkje sikker. Iblant har ein ei kjensle av at det ikkje burde vere nok, at det sulle ha vore slik kjensla var då eg berre eigde to Tom Waits-album. Då kjende eg at eg ville ha meir. Men eg har ikkje den same kjensla for Bowie. Men eg vil.

Kjensler. Herregud. Kva er no detta for noko. Skrivetull.

Øyvind har mykje pengar som han ikkje bruker, for han treng ikkje ting. Eg har ikkje so mykje pengar, for eg bruker dei på ting eg føler for. Er eg heilt skadd? Kjensler for ting?

Er musikk ting?

10.6.04

Dette får meg til å skrive:

Ja, det var ein god i ide. Lat oss klandre ALLE tyskarar, særleg dei som er fødde etter 1945. Lat dei ALDRI gløyme kva DEI har vore skuldige i. Lat oss binde dei fast og spytte på dei medan me roper kor glade me er for at ME vann, at MOTSTANDEN nytta, at KRIGEN ER OVER og OKKUPASJONSMAKTA fall. ME KLARTE DET.

Kvifor stoppe med det? Når me er i gong med å feire rettferda: Lat oss skalpera alle amerikanarar for det dei har gjort mot indianarar. Og lat oss brenne engelskmenn på bål for herjingane deira i India. Lat oss ikkje minst sterilisere, kastrere og banke oss sjølv, nordmennene for samane si hemn. Lat oss ta spanjolane for oksane, nordmenn ein gong til for kvalane og franskmenn for sneglane. Drep palestinarar for jødar og jødar for palestinarar. Ta Bin Laden for Bush, ta Bush for hundre tusen ihelsvoltne afganske born. Ta Kinesiske menn for kinesiske jenteborn. Ta brasilianske bønder for regnskogen. Ta alle med atombomber. TA dei.
Men tyskarane fyrst.

8.6.04

7.6.04

Det var ein fin kveld i mars.
Fotogjengen tok fint bilde. Eg var fin. (men daud)
Då han var ung og tøff, på 70-80-talet vil eg tru, spelte onkelen min i band. Det heitte Vendetta, onkel spelte kibord. Vendetta delte øvingsrom med to andre band. Dei heitte Krampe og Overdose.

"Krampe". Det skal mitt band heitte. Kven vil spele trommer i Krampe?

5.6.04

I går kveld, på fest hjå President of ISFiT 2005, gjekk eg bort til ein fyr og sa: "Hei, eg er Hjertemari." Det vil seie, fyrst sa eg vel noko slikt som "bokstaver, snøvlesnøvle, blogspot", men poenget var iallefall dette: Hei, eg er Hjertemari. Og han sa oj og hei. Det er har skjedd ein gong og to etter blogger kom inn i livet mitt. Dette: at eg kan gå bort til nokon eg aldri har møtt før og presentere meg med eit namn eg ikkje har i vanlegalivet, og bli kjent att som skrift på internett. Det er kult. Det var ein kjekk fest og ein bra kveld! Hurra!

Und sonst: Det har byrja regne Trondheim, og eg tykkjer det er heilt greit, for eg dreg i morgon. Heim heim heim! Heim for å jobbe, heim for å gå i fjellet, for å sykle, for å bade, for å sy, for å drikke med gamle vener, for å ha ferie, for å tena pengar!

Og dra til tyskland to veker i juli. Aleine. Hoppsann, det blir spennik.