23.6.02

Hurra, no gjer det (nesten) ingenting om det regnar på Roskilde! Eg har nemleg fått eit fantastisk regntøysett av mi venninna Linn. Familien hennar har, under opprydningsjau i kjellaren funne jakke + bukse, som eg med glede kunne få til å herpa på festivalen, om det skulle koma regn. Antrekket er rosa, riktig 80-tals rosa, med eit nesten gjennomsiktig kvitt felt over skuldrene og ditto ermer, og påskrifta HOT på eine armen og COLD på motsett lår.

Så, Joachim og eventuelle andre som les dette og skal til Roskilde, ser de noko slikt, så er det store sjansar for at det er meg. I alle fall om det regnar på Rammsteinkonserten. Vonar det...
Ein ting til. Astrid er kul!
Littegranne skrift, før eg må venda attende til pakkinga.

I natt sov eg dårleg. Søster, (12) (13 om fem dagar) sov i natt i telt i hagen saman med to venninner. Eg søv i kjellarstova. Der er vindauga omlag ein meter over bakken. Fire meter bortanfor stod teltet. Klokka kvart på tre, då telt-bråket framleis heldte meg vaken, då ropte eg og bad dei halde kjeft. Arg. Pappa sa eg skulle sjå på det som opptakten til Roskilde, men hallo? Det handlar om kva ein er innstilt på, ikkje sant, og eg er sjeldan innstilt på at trettis-jenter skal fnise meg vaken halve natta.

Elles har eg rydda og vaska klede i helga. Og planlagd teaterverkstaden til sumarleiren. Og planlagd pakking. No straks kjem onkeltantemormormorfarogfetter på besøk, alle (ja, fetter på 11 og) med formaningar om at eg må passe på meg sjølv og bekymringar over korleis det skal gå med stakkar meg som må reise heilt aleine heilt til Danmark!

Eg berre gler meg.

22.6.02

Gratulera med dagen, Stian!
Trygt og godt i kvardagen.

I går hendte noko bra. Noko anna, som eg ikkje fekk med i den særs hæppi-kæppi posten frå i går. Det ringde nemleg ein ung mann i går, med eit strålande godt tilbod.
Eg og Sigrun, venniken eg skal bu med i Trondheim, har nemleg lagt ut annonse på hybel.no, og det hadde denne unge mann sett. "Eg trur eg har hus te dåke" sa han, "Hæ, kødda du?" var min umiddelbare reaksjon.
Singsaker er staden, addressa er faktisk MARIstueveien, og berre det er nesten nok for meg. Plassen høyrdes bra ut, prisen superbra, og i dag har Siggen si mor (som er i Tr.heim desse dagar) vore på visning. "Ta han om dåke får han!" var hennar råd.

Åh, dersom me får den leiligheta skal eg verta så glad! Tusen steinar til fell frå hjarta mitt då! Dersom me får han skal dei tre gutane som bur der få ei flaska heimalaga sider av pappa, og eg kan laga middag til dei i ein månad! Eg lovar!

21.6.02

Detta er ein slik dag der ei kjensle av at alt er så vanvittig bra ligg i brystet og løfter hovudet fleire meter opp i lufta. Alt passar i dag. Eg er ferdig å jobba på ungdomsskulen og i vaksenopplæringa. Det er i grunnen litt trist, eg kjem til å sakne noko av det - men likevel mest bra. Eg har hatt eit lærerikt år, har sikkert lært meir enn elevane mine!

I dag har eg berre vore på avslutningar. Grilla med niande, spelt spel med åttande, ete kake med lærarane. Og så har eg fått så mykje blomar! I går kveld, på tiande sin avslutningsfest vart eg teken opp på scena av nokre jenter for å få roser "fordi me aldri kjem til å gløyma teikningane dine på tavla". Og i dag har eg fått roser av tre forskjellige klassar, bukett av lærarane, og ein blom til av ho eg har hatt vaksenopplæringa for. Og hjelpe meg, å jobbe ein stad og så slutte er verkeleg bra for egoet, så mykje skryt som eg har fått.

Og dessutan er det berre to dagar til eg dreg til Danmark!
Alt byrjer å ordna seg, alt som skal fiksast går i boks, og eg har ingenting av plikter og TINGSOMMÅORDNASTFORT hengande over meg.
Og som ikkje alle desse bra tinga skulle vere nok (det er sol! Og modne jordbær og blåbær i hagen!), så ringte mormor og fortalde at ho hadde fått fjorten tusen attende på skatten, og hadde tenkt å la noko av det drype på barnebarna.

Ja, det går rimeleg greit nett i dag. No skal eg kvila, so skal Linn og eg gå midnattstur på Ottanoso, eit av dei høgaste fjella i kommunen. Det vert bra.


19.6.02

UÆH!

Eg har endeleg fått nokon å bu med neste veke, på Rosken! Tusen steinar falt frå mitt hjarte då eg fekk ordna det. Eg skal få eit lite hjørne i det store fine, noko brukte 70-tals husteltet til mine gode gamle kompisar frå Fusa. No gler eg meg enno meir, og kosar meg med å lesa programmet.

Orkar ikkje skriva meir no. Eg går og legge meg.

Radiovittig.

18.6.02

Mongo: Å dikte opp ein eller annan sløkk grunn for å sove vidare medan ein framleis er i drøyme/halvsøvne, for så å tru på det, og stå opp alt for seint. I dag var det noko om ein general eg måtte vente på før eg kunne stå opp. Logisk klokka halv åtte, vanvittig irriterande klokka åtte. Argh.

17.6.02

Ettersom ferien nærmar seg vert eg ein mindre og mindre tolsam lærar. Eg opplever ei sterk, ond glede ved å inndra ting som lappar, gummistrikk, musikkspelarar (discman, minidisc), mobiltelefonar, og anna som kan bidra til å uroe undervisninga. HAHAHAHAHA, då kan dei ha da så godt for at dei bråkar og er urolege og ikkje følger med. HHAHAHAHAHAHAAAAAAAAAAAA!

14.6.02

Eg trur eg kanskje har jobba litt lenge på skulen no. I natt drøymde eg at eg skulle opp i munnleg eksamen. Dette føregjekk på ein båt.
Eg skulle opp i religion, og var rimeleg sikker på at det skulle gå bra. Men så trakk eg oppgåva, og fekk:
"Mesopotamiske religionar".
Det kan eg ingenting om. Men likevel klarte eg å ro meg ganske godt i land - då eg vakna var eg heilt imponert over kor flink eg var til å snakke om mesopotamiske religionar. Eg skulle gjerne sett det skriftleg, alt eg sa til sensor i natt! Det kan vera to ting: Anten ting eg har høyrd eller gløymd om gamle Mesopotamia, og som undermedvetet har tatt vare på. Eller berre bullshit.
Uansett, sikkert interessant lesnad.
Det er ikkje det spor moro at halva bygdo (og halve skulen) er utan vatn. Er det nokon som har ein tyggis?

13.6.02

Takk, Astrid, me er på lag!
Eg tenkjer på det ho skriv om Torborg Nedreaas og "Av måneskinn gror det ingenting". Nils har kanskje rett i at samanlikninga med "Skråninga" ikkje passa så godt. Skråninga er ei historie som kunne vore sann. Det som hender hovudpersonen kunne vore sant, for det har hendt liknande før. Det same gjeld "Måneskinn...", og difor valde eg å samanlikna smerta i skildringane slik eg som lesar opplevde det, sjølv om bøkene (tematikk, innhald, tid, forfattar) ikkje har noko anna felles.

Å finne ei bok som liknar "Skråninga" er dessutan vanskeleg. Kanskje "American Psycho" ville vore ei meir mandig samanlikning som ville passa Nils betre, men det ville ikkje vore rett i høve til det eg prøvde å formidla; Vonde ting som kunne vore sant, og som i boka er skildra så ein kan kjenne det i magen lenge etter.
"American Psycho" var berre ekkel, eg las ho ikkje ut. Det var ikkje naudsynt å vite meir. I motsetning til "Skråninga", der drivet og ynsket om forklaring gjorde det naudsynt å lesa vidare.

Dessutan likar eg det Astrid skriv om denne Marte-dama som mange lar seg irritere og provosere av.
At det er meint som ein "inside-joke" til andre jenter/kvinner er eg ganske sikker på. Dessutan syns ho sikkert det er vittig om ho les alt dei sinte gutane skriv om henne.
Nett som på barneskulen. Gutane mot jentene, den som ropar høgast vinn.


11.6.02

Hm. For to dagar sidan var det så varmt at det kjentes ut som eg skulle kovna berre eg gjekk ut på terrassen. På berre ein månad har eg fått omlag like mykje skilje på skuldrene som eg fekk i heile fjor sommar.

I dag frys eg på føtene, går i stor gensar og ullsokkar. Medan eg sat på rommet og las banka plutseleg pappa på, med ein kopp kaffelatte til meg. Det var skikkeleg fint, då vart eg glad. Kaffelatten våras er lika god som kafè-kaffelatte, for me har espressokokar og mjølkeskummar og god kaffe og godt sukker. Ahhhhh.

Medan eg nyt kaffen, kosar eg meg med å lesa litt gøy om mine ganske nært føreståande studier og anna eg skal bruke tid på til hausten. Eg gler meg til å flytta!

10.6.02

mari says:
kan du lesa no, og sjå om det duger?

Nils Johan says:
"ikkje like direkte og detaljerte som t.d. abortmedstrikkepinne-scena i "Av måneskinn gror det ingenting" av Torborg Nedreaas"

Nils Johan says:
for en teit referanse

mari says:
åja?

Nils Johan says:
høres ut som noe småpiker sitter og pjatter om Å HUFF KNIS

mari says:
hallo? du har ikkje lese boka? det er ei detaljert skildring av korleis det kjennes at strikkepinnen møter motstand, musklar, sener. Eg tok den med fordi det er det mest opprivande eg nokon gong hadde lese før

Nils Johan says:
herregud

mari says:
det er berre fordi du er mann

mari says:
og du ville sikkert brukt uttrykket "ho har ballar" om ei skikkeleg tøff dame

Nils Johan says:
Selv om Cast Away ikke er like opprivende som incestscenene i Vibeke Løkkebergs Hud, må det innrømmes at den har noen fine bilder.

mari says:
du er teit, du
Eit fascinerande foredrag om ei særs fascinerande bok, "Skråninga" av Carl Frode Tiller. I det siste har det vorte til at eg har lese ein del ny, norsk, nynorsk litteratur.

Og denne boka er noko av det beste, men verste eg har lese. Historia om ein gal mann som sirklar inn historia si, livet sitt gjennom å skrive alt ned medan han sit på rommet sitt på psykiatrisk sjukehus. I brotstykke fortel han, hoppar frå situasjon til situasjon via assosiasjonar, i eit nesten uhyggeleg syngande og ekspressivt språk (som det står bak på boka). Og desse "sceneskifta" er satans bra gjennomførd!

Hendingane som vert skildra er ikkje like direkte og detaljerte som t.d. abortmedstrikkepinne-scena i "Av måneskinn gror det ingenting" av Torborg Nedreaas, men snik seg under huda og gjer vondare i lengda. Det er ei framandgjering i språket som gjer at omfanget ikkje synker inn i byrjinga. Så vert ein heller ikkje kvitt det så snart.
Eg las boka fort, eg skal lese henne att, snart. Og då er eg førebudd.

Og om detta er sant, er det ikkje rart eg sov forferdeleg dårleg i natt.

9.6.02

Eg drikk brus rett av flaska. Eg har beina på bordet og saltvatnshår i knute på toppen av håvet.
Datamaskina er noko ustabil i dag, alt kræsja midt i Beck sin ”Devils haircut”.
Blogger er visst heller ikkje til å lita særleg mykje på, difor skriv eg detta i eit mikromjukt ord-dokument.

Men eg let meg ikkje irritera likavel – det er altfor kjekt med sommar til at eg let slike dustedetaljar gå inn på meg. Eg har blitt merkbart brun, og full i superenergi. Det kjennes ikkje som eg skal på jobb i morgon, eg berre latar som eg har ferie.
Da einaste so ikkje e bra med sommardagane, eller rettare segt kveldane, e all smikko. Eller knott, eller mygg so da og kallast.
I dag kan eg telja 18 stikk, og da er berre i andletet.
Og sju av dei klør.
Det var kjekt på dans, nett slik bygdadans skal vera. Øl i bilen, felles tissepause, lite armslag på dansegolvet, og noko som likna på eit ungkarstreff (alder: 30 +) i gongen.
Gamle kjende som ein kan veksla GPP-fraser med, eller andre kjende som ein kan lata som ein ikkje ser for å sleppa GPP-frasene. Gamle klassekameratar som klemmar og roper at det er ”Faen meg lenge sio, kor e da du helde deg?” ”Ka, e du heima, og so stikke du ikkje innnom? Du må jo faen meg vera med når me festar! Du må jo vera med i gjengen, veit du!”
Alltid nokon nye som rotar (rykteskaping, hoi!) og alltid nokon nye som har blitt i lag.
Da e kjekt å dansa, særleg om da e med ein so faktisk KAN da. Og da e ikkje nett alle!
Og brått e da slutt, nesten rett ette me e komne. Heim, eta, skillingsbollar, senda nokre tåpelege meldingar, sovna. Jah.

8.6.02

No skal eg straks kle meg om, til dansen i kveld. Houlin`Logs spelar på Hatlestrand! Men fyrst skal eg eta grilla laks i hagen (det rømde førti tusen tonn laks frå bolaks her i veko, og me har kjøpt nokre kilo av ein fiskande nabo), så skal eg ut til Inga og Ragnhild og drikka litt i lag med dei, Linn og Ole Gunnar. Houling logs er andre barndomsvener av oss, og eg har ikkje vore på dans med dei sidan påska. Det skal verta kjekt, hoi!

Elles er eg strålande nøgd med meg sjølv, etter at eg har sykla til Fusa (ei mil kvar veg, dersom nokon ikkje visste det) og trent i dag og. Eg blir supersprek! Framgongen er til å ta å kjenna på, dessutan klarer eg no å ta FEM armhevingar, mot før ingen. Den dagen eg tok min første skikkelege armheving var forresten Joachim nesten vitne, då det var medan eg chatta med han at eg klarte det. Ein stor augeblink, synd eg ikkje hugsar datoen.

Og apropos Joachim - kvifor spør han klokka tre null tre i bloggen sin i går: "Er MAri full?"
Eg var litt kanskje. Eg hadde drukke sider i hagen med mamma og pappa og vener av dei, mange glas seintverkande sider. Det vart litt pinleg då eg byrja kjenne verknaden (lo høgt og slikt), så eg gjekk inn. Der chatta eg med Jørgen, men eg skreiv berre mange, mange feil. Tilslutt ringte eg han i staden for, fordi eg ikkje kunne stava.

Dette byrjar å nærme seg ein rekordlang post for meg. Og det tilogmed på ein så varm og fin sommardag at alle som er inne burde tvingast ut og hivast på sjøden!
No går eg ned og flyttar eit bord i hagen.

6.6.02

I dag vart eg glad for at eg ikkje hadde fått e-post. Faktisk!
Det er betre å ikkje få noko, enn å få seks som heiter "look, honamari, my beautiful girlfriend" eller "so cool a flash, enjoy it".
Ein av dei det er mest freistande å opna er sjølvsagt "japanese girl vs playboy".
Men eg klarer å stå av freistinga.

Er det nokon som veit korleis ein skal beskytta seg mot slike virus-brev?

5.6.02

Leonard Cohen skreiv ein gong ein song til Marianne Faithful, fordi han elska henne. Ho elska ikkje han, då reiv han songen.



4.6.02

Marianne Faithful



Eg hadde skrive ei lang liste om eld.
Den forsvann.
Eg orkar ikkje skriva alt. Stikkord.

VARMAST: Ekle sommarnetter, for lyse, varme, og klamme til å få sove. Varme føter.

HEITAST: Hm. Eg rister på hovudet igjen, men det kjem ikkje noko no heller.

VIL TENNE: Bål. Grill. I omnen om vinteren når det er kaldt. Men slike ting kan eg ikkje, for eg er så upraktisk, og van med at andre gjer det.

VIL SLØKKE: Tørste. Sjokoladesvolt. Dessutan er det mongo at alle må barbera seg under armane. (detta hadde ein logisk samanheng i den lange posten som blogger drepte. Men no hugsar eg ikkje heilt korleis overgongen gjekk.)

KONNOTASJON:
Kolbein Falkeid:

"Jeg tror på mennesker som brenner.
Det knitrer dypt i dem en mening.
De synker aldri ned i slammet
med hjertet kaldt som en forstening
(...)"
Okei, eg bloggar kanskje ikkje så mykje. Denne helga er det fordi eg har vore i Trondheim og hatt betre ting å ta meg til, men elles kan eg ikkje nett skulda på at eg er for travel. Det er snarare fordi eg ikkje kjem på noko som eg har lyst til å publisere.

Og no vart det heilt tomt i hovudet mitt igjen. Eg ristar litt på det, men det skjer ingenting.