30.1.02

I dag er det kome fram at det er lus på skulen! Krise!

Alle går omkring og klør og klør og klør. Eg minnest traumatiske opplevingar med lus då eg var lita.........

29.1.02

Eg er veldig veldig teit og dum og dust og har ikkje ord.

Eg er den dummaste eg veit om.

Eg har bestilt båt-billettar til Skottland.

Ei veke før vinterferien byrjer.

Satan.
Eg tykkjer det er mykje vanskeleg på internett. Problemet er jo sjølvsagt berre det at eg ikkje finn dei enkle måtane.

I dag freister eg å finne ut korleis eg skal kome meg til Skottland, for å besøke mi venninne Ingvill som held til der. Eg har reservert nokre billettar til 4197 kroner, det er fly - mellomlanding i Amsterdam. Det er ganske mykje pengar.

Alternativet er båt\tog, noko som tar mykje lengre tid, men er så billeg at det er latterleg i høve til flybilletten.
Og dessutan har eg nett sjekka underhaldnings-stoda ombord på Englandsbåten. Diverre har turen med Stephen Ackles konsert allereie vore, sukk. Men som plaster på såret?? Den dagen eg skal heim er det Mambokameratene som skal underhalde. Det kan verte ein fantastisk tur.

28.1.02

Hjarta mitt er tungt i dag. I bilen, då eg høyrde på radioen at Astrid Lindgren er død,
då grein eg.




Ellers vert eg litt plaga av ei viktig avgjerdsle eg må ta i løpet av ein månad. Skal eg takke ja til å sitje i landsstyret til Norsk Målungdom ? Eller kanskje berre vara?
Eller skal eg la det være? Eg har jo ikkje akkurat ei fortid som seier at eg vil vere flink i eit slikt verv....

24.1.02

Nokre gongar kjennes det som eg lever i ein kreativitetsørken. Berre eg loggar meg inn her, på edit your blog, kan eg kjenne korleis alt eg har av tankar berre renn sakte vekk. Eg prøver meg på å skrive ein setning eller to, men eg droppar det alltid, for det ver rett og slett for keisamt. Så keisamt at eg ikkje gidd å lese det sjølv ein gong. Og som regel pleier eg å like mine eigne tankar ganske godt, inntil dei skal skrivast ned.
Eg er flinkare til å tenka og snakka enn å skriva.
Enden på viso vert at eg har edit your blog-vindauget liggande nede i verktøyslinja, medan eg ser på alle andre slags mongosider til musikken min er ferdig lasta ned.

Har ingen spanande busshistorier. Den siste boka eg las var Popsongar av Frode Grytten . Eg som likar best flytande, kjenslevar, vakker, skjønnlitteratur eg, ikkje "tunge-bøker-som-mener-noe om samtiden", slik som andre eg kjenner.
Eg likar popsongar veldig bra. Det er ei fantastisk bok. Eg forventar ikkje at alle skal få same oppleving som meg av henne, men mitt liv er iallefall rikare.

21.1.02

Barbie si side er den mest perverse sida eg har sett på lenge.
Melding på min mobiltelefon, frå laurdag:
"Kom hit, så skal du få den pikken du trenger."

Det er frå Nils .

18.1.02

No e da snart helg!

HURRA HURRA HURRA HURRA HURRA HURRA HURRA!

17.1.02

Forresten, ingen må villeiast til å tru coveret eg har med i førre post er the Pixies. Det er nemleg coveret til The Smiths , "Bigmouth Strikes Again".
The Smiths er og vanvittig bra.
Eg tek med eit cover til, og dette har Andy Warhol mekka.



Det er så fantastisk greit å ha ein minidisc! Å kunne ha musikk i øyrene ALLTID om ein vil! Det er heilt fantastisk, og no har eg kjøpt nye, skikkelege øyretelefonar istadenfor slike små vonde til å ha inni øyrene, og då vert alt tilogmed enno betre.

Då eg gjekk heim frå jobb i dag, høyrde eg på The Pixies i minidiscen min. Pixies hadde eg aldri høyrd om eller på før førre helg, og sidan det har eg lasta ned omlag 15 songar av dei, og spelt inn på minidisc. Eller småplate som eg likar å kalle det. God målungdom som eg er.

Uansett.

Idag gjekk eg altså heimover og høyrde på the Pixies. Den eine songen deira, Tame, har eit vanvittig kult parti med ei stønnande kvinne ."ahaha ahaha".
Eg stønna med, danste litt og spelte luftgitar, og hadde det i grunnen dritbra. Det var det kulaste som har skjedd i dag, og meir skal det ikkje til før eg vert lukkeleg.


16.1.02

Mine djupaste og inderlegaste takk går til NILS JOHAN NESSE, for at han er så inderleg snill og lagar slik ei fin side til meg.
Frå djupet av hjarta mitt - takk!

14.1.02

Konfirmasjonsbiletet mitt fekk 6,1 poeng på hotornot. Og da hitt biletet eg hadde der, da eg likar å kalle Barbiebiletet, da fekk 9,1.

hotornot er ei festleg side. Der er det mange kjekke gutar.

10.1.02

You are sweet and innocent. Trusted by many people, and have a strong leadership towards relationships. You make good decision and make the right choice at the right time. And always dreaming of romantic relationship.

Dette er meg, fordi eg er fødd på ein gul dag.

9.1.02

Det fins jo fleire døme på menneske som vil selga sjela si - og blant dei mest berømte er vel kanskje Faust, men me har jo Fanitullen, eit godt gamalt folkesagn om ein som solgte sjelo si for å bli flink på hardingfele. Men kva oppnår ein eigentleg av å selge sjela si på internett?

Det slo meg her ein dag, at dei venene eg kommuniserer mest med i løpet av veka er Bjørnar, Sjur og Nils. Og då er det MSN, datasnakking. Eg hadde fått gjort så mykje anna om eg ikkje hadde brukt tida mi her, på datamaskina!
Det har jo ein viss underhaldningsverdi, som til dømes PeTre si tulling med å drepa Vonda Sheperd . Men eg gler meg til i kveld, eg, for då byrjer Åpen Post igjen. Hurra!

Og så gler eg meg til helga, for då skal Ragnhild og eg ut og animere oss litt, nei forresten. Animere oss mykje! Det er nok kanskje det eg gler meg mest til.

7.1.02

Her kan alle finna nokre vakre ord å synke ned i, få litt ro i sjela og venleik i livet.

Bildnis aller Zier,
Edelste Blume! Mein schönstes Verlangen......
Kvardag. Eg kan vanskeleg tenka meg noko meir KVARDAG enn dette - fire personar rundt middagsbordet, utan å snakke saman. Far og mor er opptekne med å nyte maten. Storesyster er trøtt og sur og vert endå surare av at middagen er lettsalta torsk. Veslesyster er sur fordi ho ikkje fekk kome til lagreboka i dataspelet før ho vart tvungen til å ete. Mor pludrar og kjem med dårlege vitsar for å muntre opp døtrene. Stemninga lettar ikkje før veslesyster mister ein bit gulrot i safta.

Slik er det å bu heime.

Eg visste det kom til lå bli slik til tider, og angrar uansett ikkje på at eg valde å flytte heim, sjølv om eg hadde sleppt kokt torsk om eg budde for meg sjølv.

6.1.02

Nett no hendte det noko rart. Eg las på sida til Sjur for å verta oppdatert i kva som hender i livet hans.

Sjur viser til ein Svein som har vore vaken ei natt og sett på sms-chat på tv2.

Den same natta var eg hos mormor, og fekk ikkje sove. Eg var for rastlaus til å lese, og for trøtt til å sove, husværet for lytt til å høyre på musikk, og batteriet på minidiscen flatt. Då tok eg av lyden på tven og såg på sms chatten, og las nett dei same meldingane som Svein kommenterer. Tenkte omlag det same som han gjorde eg og.

3.1.02

startsiden finn du denne lista med positive og ei liste med negative nyttårsforsett. Blant dei positive fins til dømes dette forsettet:

"Jeg skal tenke mindre på sex." Eg er ikkje einig med det. Eg har ikkje tenkt å tenkje mindre på sex, derimot har eg tenkt å omsetje meir av tenkinga i praksis.

Det ville eg ha godt av, både fysisk og mentalt. Og eg ville sikkert sove betre. D:H Lawrence sa visst ein gong at det mest tragiske var folk som hadde sex på hjernen - i staden for der nede der det høyrer heime. Sukk.

Elles kan eg opplysa om at nordmenn i 2001 drakk 1584 koppar kaffi kvar, og dermed tar andreplass i kaffedrikking i verda. Eg er stolt over å vere med på ein slik plassering.

2.1.02

For fleire fine bilete....
Noko av det kulaste som hendte på nyttårsafta var at eg for omtrent fyrste gong ikkje fekk avsky som reaksjon på mine ubarberte armholer. Ein ung mann sa faktisk at det ikkje berre var tøft, men faktisk seksuelt. hah! Det var det eg visste, at alle dei som seier det er ekkelt - dei er teite.

Eg gidd aldri barbera meg under armane, men det er ikkje av feministiske grunnar. Det er fordi det er keisamt, og oppleves som så teit når det veks ut etter ein halv dag uansett.

Aller fyrst hadde bestevenn Ragnhild lagd utruleg god middag til dei andre bestevenninene mine. Så gjekk me til festen der Ingvill sin kjærast var. Me opptrådde med trestemt julasong me hadde øvd inn. Så såg me fyrverkeriet frå Johanneskyrkja. Så gjekk me til eit hus og stakk innom tre forskjellige festar. Kjente ikkje så mange der, så me gjekk tilbake til den andre festen. Der var me til me vart kasta ut klokka fem. Me vassa heimover, med forsiktige steg over isen.

Dagen etter lukta det røykogdrit av kjolen min.

Men alle var eininge om at det var ein super fest.